I åra som kjem treng me å jobba saman for å løyse dei utfordringane me står ovanfor. Det er verken administrasjonen eller ordførar åleine som har ansvaret for at kommunen held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, skriv Linn Therese Erve.
Kommunen skal vere tilretteleggjar. Ein av oppgåvene våre som kommune er å få i gang prosessar som gjer at me klarar å ta del i den utviklinga som skjer nasjonalt, regionalt og lokalt, skriv Linn Therese Erve. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Sveio treng meir næring»

Eg vil at me løftar blikket til det regionale. Sveio ligg midt i to sterke regionar – Sunnhordland og Haugalandet. Me jobbar no tett saman, regionane mellom Bokn og Bjørnen, for å syte for at me får etableringar til vår region. Det regionale arbeidet er enormt viktig og heilt avgjerande for å få auka næringsverksemd – óg her i Sveio. Grønt industriløft og havvindsatsinga til regjeringa er døme. Me er sterkare saman.

Kommunen skal vere tilrette-leggjar. Ein av oppgåvene våre som kommune er å få i gang prosessar som gjer at me klarar å ta del i den utviklinga som skjer nasjonalt, regionalt og lokalt.

Me må sikre at me har klar næringsareal. Me må syte for at me har planar som er oppdatert, som gir moglegheiter. Derfor vil me etablere nye næringsareal langs E39, i samarbeid med grunneigarar og utbyggingsfirma. tillegg må me vere lyttande og løysingsorientert i møte med næringslivet, med dei aktørane som allereie er etablert her og nye aktørar.

Eit døme er motorpark. Sveio Arbeiderparti er positive til etablering av Fjord Motorpark i Sveio kommune. Det vil kunne gi oss store positive ringverknadar. Samtidig er me svært opptatt av at me må ha gode prosessar før me skal ta endeleg stilling, og me tar på alvor dei bekymringane som no har kome fram. Det er enda tidleg fase, og me vil syte for at ei slik etablering og lokasjon skal gjerast i tett dialog og samarbeid med naboar, grunneigarar og Fjord Motorpark. Dette for å finne den beste lokasjonen mtp naboar, miljø, natur og konsekvensutgreiing.

Næringsattraktivitet heng tett saman med kor attraktiv me er som bukommune. Me er opptatt av heilskapen i politikken, at me skaper eit godt omdøme, at me har gode skular og barnehagar, variert kultur- og fritidstilbod, ein god eldreomsorg, og eit godt servicetilbod.

Me tar Sveio inn i framtida, der me fortsatt skal verre ein god kommune å bu i, samtidig som me jobbar aktivt for å auka næringsaktivitet.

Linn Therese Erve
Ordførarkandidat
Sveio Arbeiderparti