hand hånd hender eldre pensjonist pleie
Eldrepolitikk handlar om å legge til rette for gode liv og etter ein har vorte pensjonist. I sentrum står den eldre sjølv, dei pårørande og kommunen, skriv kandidatane frå Sveio Sp. FOTO: Rawpixel Ltd.

«Det god liv i Sveio – heile livet»

Kommunen har ei viktig oppgåve i å tilby helse- og omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen. Det famnar breitt og gjennom heile livet. Frå jordmorteneste og helsestasjon, til helsesjukepleiar på ungdomsskulen, legevakt, fysioterapi og sjukeheim.

Mange har i tillegg behov for anna omsorg i periodar eller gjennom livet, som kommunen tilbyr. God omsorg oppstår i møta mellom menneske, og den rør ved dei som treng og får hjelp, pårørande og tilsette. Skal ein kommune ha god omsorg for sine innbyggarar, er ein god kommuneøkonomi avgjerande. Det må til for å sikre eit godt tilbod av tenester og menneskelege ressursar gjennom dyktige tilsette.

Senterpartiet har tru på ei lokalt forankra og forvalta helseteneste. Korleis tilboda vert utforma bør vere opp til dei som er tettast på tenesta. Dei dyktige medarbeidarane i helsetenesta har ein sentral rolle, og me i Senterpartiet vil ha ein tillitsreform i praksis. Saman med leiinga av tenesta, tillitsvalde og lokale folkevalde skapar ein den beste tenesta.

Fastlegen er nær og nøkkelen i det norske helsesystemet. Me veit at det har store helsegevinstar og forlenger liv å ha den same fastlegen over fleire år. Senterpartiet- og Ap-regjeringa har styrka basistilskotet i fastlegeordninga med 480 mill. kroner frå 1. mai i år (720 mill. kroner i heilårseffekt). Sveio Sp vil oppretthalde legekontor for fastlegane i Førde og i Sveio sentrum. Rekruttering til ordninga vil vere viktig framover.

Eldrepolitikk handlar om å legge til rette for gode liv og etter ein har vorte pensjonist. I sentrum står den eldre sjølv, dei pårørande og kommunen. Den breie eldreomsorga handlar rett og slett om gode liv i lokalsamfunnet og det treff i kjernen av vår politikk. «Me verte fleire eldre» og «no kjem eldrebølga» verte stadig gjenteke. Dette som om det er noko negativt. Me skal vere glade og takksame for at me lever i eit land og i ei tid der det er mogleg å verte gamal. Og at det er mogleg å leve eit godt liv heile livet. For det held ikkje med år til livet, om det ikkje er liv til åra.

I juni la regjeringa fram ei eldremelding, som set fokuset på fellesskap og meistring. Regjeringa vil ha levande og aldersvennlege lokalsamfunn, eigna bustad å bu i, auka bruk av velferdsteknologi, faste team i heimetenesta og varetaking av pårørande. Meldinga er kjent under namnet «Bu trygt heime», der målet er at det skal bli lettare å bu heime lengre.

Sjølv om digitalisering og stadig nye kommunikasjonsformer bind oss saman og på mange måtar viskar ut fysiske avstandar, skapar det enda større avstand om man står på utsida og ikkje får tatt del i den digitale verda. Fysiske møtepunkt, informasjon på papir, post i postkassa og menneske som hjelper pasientar må me halde på.

Forebyggande arbeid, heimeteneste og dagaktivitetar er ein stor del av eldreomsorga. Men ein kjem ikkje utanom at nokon har behov for omsorg heile døgnet. Husbanken sitt investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar må kommunen bruka.

Sveio Sp skal sikre sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til dei som treng det, når dei treng det. Vi meiner at ledige sjukeheimsplassar skal tildelast den med størst behov, uavhengig om vedkommande står på ei venteliste eller kor på lista dei står.

Senterpartiet skal bidra til at kommunen kan tilby bustader som er tilpassa bebuarane sine behov og funksjonsevne. Me ser seniorbustader i bygdene organisert som eit kollektiv med hjelpetenester tilgjengeleg som eit naudsynt trinn i omsorgstrappa.

Det viktigaste for ein velfungerande eldreomsorg er helsearbeidarane. Viktige tiltak for å behalde og rekruttere personell er arbeidsbelastning til å leve med og løn til å leve av. Sveio Senterparti vil styrke rekrutteringa til helseområdet, særleg sjukepleiarar. Då må ein kunne tilby meir enn minsteløn. Heile, faste stillingar og mogelegheit for karriereutvikling er og viktig for rekruttering av helsearbeidarar.

Linda Sæverhagen, helsefagarbeidar og listekandidat Sveio Sp
Susanne D. Førde, spesialsjukepleiar og listekandidat Sveio Sp
Arne Valen, tidlegare bioingeniør og listekandidat Sveio Sp