Problema i eldreomsorga krev meir enn berre auka bemanning. Me står overfor ei aukande eldrebefolkning, fleire med demens og yngre med store hjelpebehov, Ruth Vihovde Strand.
Problema i eldreomsorga krev meir enn berre auka bemanning. Me står overfor ei aukande eldrebefolkning, fleire med demens og yngre med store hjelpebehov, Ruth Vihovde Strand. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Eldreomsorga: Saman for verdigheit og kvalitet»

Som samfunn kan me målast på korleis me tek vare på våre mest utsette grupper. Det er vår plikt å verna eldre borgarar og sikra rettane og verdigheita deira. For Venstre er dette sjølvsagt.

Det vert gjort feil i eldreomsorga, og årsakene er samansette. Nokre av årsakene er arbeidsmiljøet, tidspress og nedprioritering av oppgåver som skaper stress blant helsepersonellet. Det kan igjen føra til uverdige tilhøve. Me ser at kompetanse er avgjerande for å forhindra slike situasjonar. Difor må me sikra at det jobbar kvalifiserte fagfolk i eldreomsorga, som sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og ergoterapeutar.

Men, problema i eldreomsorga krev meir enn berre auka bemanning. Me står overfor ei aukande eldrebefolkning, fleire med demens og yngre med store hjelpebehov. Samstundes møter me utfordringar med mangel på fagfolk, fleire eldre i høve til yrkesaktive, og eit press på pårørande. Dette krev omfattande omstillingar og nye tilnærmingar.

I Sveio kommune ser me allereie mangel på helsepersonell. Me må gjere det meir attraktivt å arbeide innanfor helsesektoren i Sveio. Sveio må tilby helsepersonell konkurransedyktig løn, fagmiljø og arbeidstid, slik at fleire ynskjer å arbeide innan helse og omsorg i kommunen. Me ynskjer sjølvsagt at det opprettes fleire omsorgsplassar i kommunen, men det nyttar ikkje å opprette fleire omsorgsplassar dersom me ikkje har arbeidskrafta som trengs for å handtere desse.

Løysingane finst, og Helsepersonellkommisjonen har peika på retninga. Som Venstre, trur kommisjonen på optimisme og samarbeid. Me må gjennomføra tiltaka i rapporten og leggja ideologiske konfliktar til side. Konkurransen om arbeidskrafta vil berre auka, difor må me skape attraktive vilkår i eldreomsorga. Turnusar, insitament for å halda på tilsette og teknologisk innovasjon kan alle bidra til dette.

Sveio Venstre meinar at ved å ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og meir heimerehabilitering, kan fleire få bu heime lengre. Eldretun i bygdene kan òg vera eit godt tilbod til eldre som treng hjelp. Dette kan gje eldre eit fellesskap i bygdene kor dei er godt kjende og har familien sin, eller andre nære relasjonar.

Samstundes må me omfamna frivillige organisasjonar og pårørande som viktige samarbeidspartnarar. Dei gjer ein uvurderleg innsats som me må verdsetja og støtte økonomisk. Men me må òg tilby pårørande naudsynt avlastning.

Sveio Venstre ser òg verdien av ideelle og private aktørar som supplement til det offentlege tilbodet. Saman gjer me kvarandre betre og stimulerer til innovasjon og utvikling. Det tener eldreomsorga, det tener dei eldre på og det tener samfunnet på.

Eldreomsorga er ei felles utfordring som krev felles innsats. La oss jobba saman for verdigheit, kvalitet og respekt i eldreomsorga. Me i Venstre tek utfordringa på alvor, og me oppmodar dei andre partia til å gjera det same. La oss byggja ei eldreomsorg me kan vere stolte av.

Ruth Vihovde Strand
1.kandidat Sveio Venstre