Me lever i ei tid med stor prisstigning, og med det, bekymring for korleis ein skal få månadsbudsjettet til å gå i hop. Tal frå SSB syner at ei gjennomsnittleg hushaldning har 18.000 kroner mindre å rutta med i 2022, samanlikna med 2021.
Hjå oss i Sveio har dei kommunale avgiftene for ein standard bustad på 120 kvadratmeter auka med heile 40 prosent i perioden 2016-2022. No lyt me ta grep for å hindra at denne utviklinga held fram.
Sveio Høgre meinar at me som politikarar må gjera harde prioriteringar med fokus på korleis kommunen kan jobba smartare og billegare for å halda avgiftene nede og samstundes ivareta innbyggjarane på ein god måte.
Om Sveio Høgre får styra kommunen etter valet, vil me prioritera at summen av kommunale skattar, avgifter og gebyr i snitt ikkje aukar meir enn inntekta gjennom å:
- Syta for godt vedlikehald av kommunale eigedommar, og redusera behovet for å byggja nytt.
- Nytta stordriftfordelar ved å knyta oss til interkommunale samarbeid på fleire felt.
- Vurdera å konkurranseutsetja tenester der dette gjev lågare kostnad, og minst like god kvalitet.
- Innføra fritidskort for born og unge, slik at alle får moglegheit til å delta på organisert aktivitet.
- Sikra grundig vurdering av kostnad og nytte i nye prosjekt.
- Gjera tydelege prioriteringar for kva som er viktigast å gjennomføra.
- Sjå til at prioriterte tiltak vert gjennomførde før me legg til nye initiativ.
Me i Høgre vil gje deg større tryggleik for eigen økonomi i kvardagen.
Godt val!
André Mundal Haukås og John Kristian Økland
Ordførarkandidat og 2. kandidat