Formannskapet gjekk inn for fleire tunnelar på nye E39 gjennom Sveio.
Formannskapet gjekk inn for fleire tunnelar på nye E39 gjennom Sveio. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Trygg, klok og framtidsretta styring med Linn Therese som ordførar»

Kommunevalet er eit ordførarval. Dei 4 siste åra har Sveio hatt gleda av Linn Therese Erve i ordførarstolen. Ho har vidareført det beste frå Jorunn Skåden si ordførartid. Kunnskapsrik om kommune, folk og politisk leiing har ho styrka Sveio kommune sin plass i regionen.

Det som er godt for regionen er godt for Sveio. Linn Therese har ei klart  forståing av at Sveio treng eit sterkt sentrum og levande bygde i heile kommunen. Gjennom erfaring i eit godt utbygd nettverk i Arbeiderpartiet har ho kontaktar opp til regjeringsnivå og myndigheter i Vestland fylke og Oslo. Sveio treng ein ordførar med slike kvalifikasjonar.

Linn Therese  er nå klar og godt motivert for ein ny periode i ordførarstolen. Ein periode bygd på samarbeid mellom folk og partia i Sveio for vidare utvikling av bukommunen Sveio og styrking av Sveio kommune sin posisjon i regionen, både i Sunnhordland og Haugalandsregionen. Det er viktigare enn nokon gong at Sveio byggjer opp gode politiske leiarar  som kan styre ei god utvikling av kommunen.

Me som stemte fram Arbeiderpartiet og Linn Therese gjorde eit godt og rett val med stemmesetelen i 2019. Eg håpar at me kan gjera det same no i 2023. Bruk stemmeretten din.

Stem fram Linn Therese. Stem Arbeiderpartiet.

Olav Bergmål,
listekandidat Arbeiderpartiet