Det er opp til deg som veljar å gi oss ein sjanse til å vise kva me står for, skriv Asle G. Halleraker.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Takk gode veljar og takk gode kollega»

No er valkampen snart ved vegs ende. Mykje er blitt sagt og mykje er blitt gjort. Eg vil skryte av sveibuen og mine kollegaer innan dei politiske partia. Me blei før valkampen oppfordra til å vere snille og respektfulle med kvarandre, og det synest eg me har vore. Det har vore gode diskusjonar og høgt under taket i lesarbrev, på stand og i sosiale medium, men aldri ufint og sjikanerande. Kan me byggje på desse verdiane inn i neste kommunestyreperiode, ser eg lysare på framtida og samarbeidet i Sveio.

Eit kryss og husmannsplass eller ein berekraftig plass?

Me i Tverrpolitisk fellesliste ynskjer å samarbeide med alle dei partia som deler vårt grunnsyn på sentrumsutvikling og utviklinga av heile kommunen. Det er saman me får til noko. Då er det viktig å vere tydelege i prioriteringane, slik at administrasjonen i kommunen får peika ut ein krystallklar retning for planarbeidet og dei store investeringsprosjekta.

Fleire stiller spørsmål om Sveio har råd til ny svømmehall, ny idrettshall og nyskapande aktivitetsanlegg ved Vigdartun. Me i Tverrpolitisk fellesliste meiner at me ikkje har råd til å la vere. Sveio skal ikkje ligge brakk og aude som ein husmannsplass ved eit avfolka vegkryss mellom Bergen og Stavanger. Sveio skal vere plassen folk skal leve og bu også i framtida. Då må me satse for å snu den negative folketalsutviklinga me no er inne i. Nytt styre av Sveio gir nye moglegheiter.

Me skal vere attraktive for nye innbyggjarar og me skal vere attraktive for dei som allereie bur her. Dei store investeringane ligg allereie inne i økonomiplanen for dei neste åra, så me har rigga oss for desse. Det me treng er politisk vilje til å realisere planane og ikkje krefter som strittar imot med alle knep.

Må ikkje gløyme dei midt i mellom og dei eldre

Tverrpolitisk fellesliste vil i neste periode starte prosessen med å byggje både nye eldretun og skikkelege bustadar for menneske som treng habilitering. Denne prosessen er allereie i gong sidan detaljreguleringa til ny kommunal barnehage alt er starta, og vedtaket om bygging av barnehagen ligg fast. Når den gamle Sveio barnehagen endeleg får nye og tidsriktige lokalar, skal prosessen med nye bustader til sveibuar som treng habilitering vere i gong. Her må ein sjå prosjekta i samanheng, og det vågar eg å tru på at både politikarane og administrasjonen maktar. Det vil bli lønsamt både med omsyn til investeringar og drift.

Vedlikehald av kommunale bygg og vegar

Det er viktig å halde ved like dei kommunale bygga. Desse blir i dag brukt av skular, grendelag, frivillige lag og organisasjonar som er pulserande blodårer i bygdene og dei kommunale omsorgsbustadane for eldre og sjuke. Me må difor styrke budsjetta for vedlikehald av både den kommunale bygningsmassen og dei kommunale vegane. Her treng me menneske som er stolte og ærekjære i jobben sin, og som kjenner på eit eigarskap til det ansvaret dei er sett til å forvalte. Dei folkevalde må setje av nok pengar til vedlikehald.

Framleis usikker?

Dersom du som veljar framleis er usikker på kva parti du skal stemme den 11. september, kan det vere lurt å søkje råd i valgomaten til NRK, VG eller Haugesunds Avis. Mogleg ein utsjekk der, kan få deg til å bli litt sikrare på kven som fortener di stemme.

Den Tverrpolitiske lista er som alle nyfødde; ivrige, energirike og fulle av pågangsmot, men kan sjølvsagt både bli «pubertalt opprørske» og sta i krava våre som unge vaksne. Me vil likevel alltid setje Sveio i sentrum, og oss sjølve i bakgrunnen, dersom me kjem inn med nokon representantar i kommunestyret. Me vil det beste for Sveio.

Det er opp til deg som veljar å gi oss ein sjanse til å vise kva me står for.

Stem Tverrpolitisk fellesliste dersom du vil ha noko nytt og frisk inn i styringa av Sveio. Det kan vere godt å starte med blanke ark, og det ansvaret kjenner me alle på.

Godt val gode sveiobu!

Asle G. Halleraker
Tverrpolitisk fellesliste (TvF)