Sveio Arbeiderparti har så lenge eg kan hugsa vore det partiet som sikrar utvikling og samtidig kvalitet i dei kommunale tenestene, skriv Linn Therese Erve.
Sveio Arbeiderparti har så lenge eg kan hugsa vore det partiet som sikrar utvikling og samtidig kvalitet i dei kommunale tenestene, skriv Linn Therese Erve. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Arbeiderpartiet sikrar utvikling og vekst»

Eg har no vore folkevald i 12 år og dei siste fire åra har eg vore så heldig å få vere dykkar ordførar i den flotte kommunen vår. Det har vore fire innhaldsrike og lærerike år. Me har eit kommunestyret som alle jobbar for at det skal vere godt å bu i Sveio.

I løpet av dei siste fire åra har det skjedd ting i Sveio.

  • Arbeiderpartiet har sikra eit flott uteområde på Sveio skule, som er bra for elevane. I tillegg fungerer det som ein møteplass for alle barn og unge i Sveio på ettermiddagstid.
  • Eg har fått opna aktivitetshuset i Sveio, som er eit aktivitetssenter på dagtid for dei med nedsett funksjonsevne i kommunen.
  • Me har jobba for å få vinmonopol til Sveio, som no endeleg kjem i oktober.
  • Me har fått gjennomslag for å bygge ny kommunal barnehage i sentrum.
  • Me har lagt ut for sal nye tomter i Sveiåsen 3 og vedtatt å bygge ny brannstasjon.
  • Arbeiderpartiet har jobba utretteleg med planar om å utvide sentralidrettsanlegget vårt, med badeanlegg og idrettshall, og me har sikra eit vedtak med stort fleirtal i kommunestyret.

Med Arbeiderpartiet i spissen klarte me å få bli med i Vestland fylke sitt prosjekt «Nyskapande aktivitetsanlegg», som gir store moglegheiter for Sveio. Ei realisering av desse planane, ei utviding av Vigdartun, i kombinasjon med badeanlegg og idrettshall vil gi eit formidabelt tilbod til alle våre innbyggarar. Sveio Arbeiderparti vil realisere desse planane.

Me har sett av årlege midlar til trafikksikring. Som ordførar fekk eg opne ny sykkel- og gangveg frå Straumen til Vikse skule – eit samarbeidsprosjekt mellom Sveio kommune og Vestland fylkeskommune. No gler eg meg til å jobbe vidare med tursti-prosjektet i Auklandshamn som skal sikre trygg skuleveg.

Arbeiderpartiet har vore pådrivar for å gi pengar til Liv og lyst forprosjekt i Bua, og midlar frå fylke til utvikling av Førde-bygda, nytt uteområde på Førde skule og Førde barnehage. Sommarkarusell, eit gratis aktivitetstilbod om sommaren til barn, er og eit døme på tiltak som er viktig for meg og Arbeiderpartiet. Slike tiltak vil me føre vidare dei neste fire åra.

Bulyst-runden eg hadde etter pandemien var ein ny boost for mykje aktivitet i heile kommunen. Sveio Arbeiderparti sikra at det blei satt av midlar som alle lag og organisasjonar kunne søke på for å lage sosiale møteplassar og nærmiljø. For eit fantastisk engasjement og dugnad dette har resultert i. Eg er så imponert.

Eg kan nemne aktivitetspark i Førde, grillhytte mm på Stølen i Auklandshamn, padelbane på Bua, bålhytte på Sveio skule, badebrygge med stiger mm ved Melkeneset, uteplass ved gamle Lid skule, ballbinge ved Valestrand oppvekstsenter og uteomårdet ved Ørevik grendahus, stolar og bord til gymsal på Vikse skule. Me vil fortsette å sette av årlege midlar til dette.

Visste du at Sveio dei siste tre åra er rangert blant dei 20 beste kommunane i landet på kommunebarometeret? Det viser at kommunen yt gode tenester innan dei rammene me har.

Sveio Arbeiderparti har så lenge eg kan hugsa vore det partiet som sikrar utvikling og samtidig kvalitet i dei kommunale tenestene. Heile laget til Arbeiderpartiet i Sveio er tydeleg på at me treng å bygge eit sterkt sentrum og attraktive lokalsamfunn i heile kommunen. «By og land – hand i hand». Me er ein kommune på om lag 5.800 innbyggarar, då er me alle avhengig av kvarandre for å få vekst i heile kommunen. Sentrum treng bygdene og bygdene treng sentrum.

For Sveio er det viktig at me no fortset utviklinga og realiserer planane Kommunestyret har vedtatt og at me jobbar for å realisere tiltaka du som innbyggar har kome med i Bulyst-runden. Det er Arbeiderpartiet garantisten for. Me treng kontinuitet for å skape vekst.

La oss alle jobbe saman mot same mål. Me er sterkare saman enn kvar for oss.

Linn Therese Erve
Ordførarkandidat