Me må ta i bruk heile den flotte kommunen vår. Alt må ikkje skje i sentrum, skriv Kjartan Moe Hustvedt.
Me må ta i bruk heile den flotte kommunen vår. Alt må ikkje skje i sentrum, skriv Kjartan Moe Hustvedt. FOTO: Privat

«Kva skjer i Sveio?»

Ikkje så reint lite! På fritidsguiden.no er lista lang: Golf, orientering, karate, skyting, jakt, fiske, riding, fotball, volleyball, handball, allidrett, kidshouse, House of Fun, tweensklubb, legoklubb, babysong, barnesong, barnekor, skulekorps, kulturskule, ungdomslag, Skattkammeret, frilager, Yngres, arbeidsstova, speidar, 4H, turlag og paintball.

Det samla tilbodet i Sveio er stort. Takk vere sveibuen. Blir det nyskapande allaktivitetshuset ein realitet, vil det kunne gi endå fleire sveibuar ein plass å møtast og å driva med hobbyen sin.

Sveio kommune har eit areal på 246 kvadratkilometer, og då blir det langt frå dei mest frittliggande bygdene og inn til sentrum. Særleg når det ikkje går buss og ein ikkje kan køyra. Fritidstilbod og samlingsplassar i eiga bygd er difor heilt naudsynt! Me må ta i bruk heile den flotte kommunen vår. Alt må ikkje skje i sentrum.

Sveio MDG vil vera med å styrka dei lokale tilboda. Ein må kunna vera trygg på at tilbodet gjeld neste år og året etter det, og alle må kunna få delta i fritidstilbod, uavhengig av økonomiske rammer. Dette kan politikarane gjera noko med.

Sveio MDG vil vera der for sveibuen. Me har viljen, dokker har makta.

Godt val!

Kjartan Moe Hustvedt
1. kandidat for Sveio MDG