Nærleiken til havet, kystlinja, og krevjande sjø-forhold gjev Sveio ein eineståande moglegheit til å verta ein lokasjon som vert føretrekkja innan forsking, utvikling, og på sikt produksjon av bølgjekraft, skriv Knut Sønsteby. Dronefoto frå Buavåg.
Nærleiken til havet, kystlinja, og krevjande sjø-forhold gjev Sveio ein eineståande moglegheit til å verta ein lokasjon som vert føretrekkja innan forsking, utvikling, og på sikt produksjon av bølgjekraft, skriv Knut Sønsteby. Dronefoto frå Buavåg. FOTO: Irene Flatnes Haldin

«Næringspolitikken: Sveio Venstre vil auke verdiskapinga i kommunen»

Dersom ein skal lukkast med å skape gode lokalmiljø, er det viktig at me har lokale arbeidsplassar, der flest mogleg kan bidra og inkluderast i arbeidslivet. Det er dei mellomstore og store bedriftene som skapar arbeidsplassar og skatteinntekter. På kort sikt må me byggja på dei bedriftene og næringane me har, og der Sveio har fortrinn i konkurransen. Slik Sveio Venstre ser det, har me fortrinn innanfor landbruk, sjømat og bergverksdrift. Desse næringane har ein stor marknad og eit unytta potensiale.

Kommunen har ikkje vore flink nok til å utvikle næringsområde med tilhøyrande infrastruktur. Slik me ser det finst det fire områder i kommunen der ein lyt intensivera innsatsen: Ekrene, Mølstrevåg, Førde og Tittelsnes. Særskild i Mølstrevåg finns det store moglegheiter innanfor tung industriproduksjon og eksport av mineral og bergmasse.

Utvikling av næringsområde heng nært saman med samferdsle, og bygging av ein industrihamn i Mølstrevåg saman med gode vegar og eventuelt bane for massetransport frå plassar med masseuttak, er heilt naudsynt. Slik utbygging behøver ikkje å stå i motsetnad til miljøvern og omsyn til eit godt miljø der ein bur.

Landbruket har også eit stort potensiale for utvikling. Kvifor har me ikkje store drivhus i kommunen, når dei finst både i Skjold og på Rennesøy? I Sveio kunne me ha vore sjølvforsynte med mange grønsaker, og me kunne hatt ein stor foredlingsindustri av kjøttvarer og fisk frå oppdrett i kommunen. Sveio Venstre vil stimulere til at det byggjast landbasert fiskeoppdrett av særskilde lønsame fiskeslag som kanskje ikkje produserast så mange andre plassar. Her kan me også utvikle stor kompetanse.

Nesten alt avfall frå landbruk og sjømatproduksjon kan komme til nytte igjen som råvarer i nye produkt eller i energiproduksjon. Dette bidreg til å redusere uheldige utslepp, samtidig som det skaper nye arbeidsplassar.

Nærleiken til havet, kystlinja og krevjande sjøforhold gjev Sveio ein eineståande moglegheit til å verta ein lokasjon som vert føretrekt innan forsking, utvikling og på sikt produksjon av bølgjekraft. I staden for å hive seg på produksjon av vindmøller, bør me satse på noko enno meir framtidsretta – storskala bølgjekraft.

Framtidas næringsliv er grønt, nyskapande og kreativt. Då treng me ein kommune som yter god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringsverksemd, og stimulerer til nyskaping. Næringspolitikken må leggje til rette for eit seriøst og lønnsamt næringsliv.

Kommunane kan oppnå store klimakutt gjennom auka produksjon og bruk av fornybar energi. Sveio Venstre vil arbeide for fleire konkrete prosjekter, til dømes å integrere produksjon av fornybar energi i nybygg og i samband med rehabilitering av gamle bygg. I tillegg kan kommunen gjere det meir attraktivt for innbyggjarane og bedriftene å starte opp lokal, fornybar energiproduksjon og energihausting frå land og hav.

Knut Sønsteby
3. kandidat, Sveio Venstre