Bruk stemmeretten din og bruk stemma til å påverke politikken i vår kommune. Er du i tvil, sett deg inn i saker, snakk med kandidatar og ver ein bevisst veljar, skriv Lars Petter Lie. Illustrasjon: Valdirektoratet
Bruk stemmeretten din og bruk stemma til å påverke politikken i vår kommune. Er du i tvil, sett deg inn i saker, snakk med kandidatar og ver ein bevisst veljar, skriv Lars Petter Lie. Illustrasjon: Valdirektoratet

«Ditt val, di framtid – stem ved kommunevalet!»

Kjære unge veljarar!

Det kommande kommunevalet er ei unik mogelegheit for folk i alle aldersgrupper å påverka samfunnet og framtida vår. I dette lesarinnlegget vil eg vektleggja stemma til dei under 30 år, og særleg første- og andregongsveljarar.

Som unge menneske har me mange interesser og bekymringar som bør reflekterast i politikken. Me er generasjonen som skal arva denne kommunen. Det er difor avgjerande at me får ta del i avgjersler som kjem til å påverka oss i åra som kjem. Det er utruleg kjekt å sjå at heile 27 kandidatar under 30 år stiller på liste ved årets kommuneval.

Neste periode sine folkevalde skal avgjere store, spanande saker, som til dømes symjehall og nyskapande aktivitetsanlegg. Det vil difor vera viktig at folk i alle aldrar er representert og vert lytta til!

Dette valet er ikkje noko annleis enn tidlegare val. Det handlar om å kunna utgjera ein forskjell. Bruk stemmeretten din og bruk stemma til å påverke politikken i vår kommune. Er du i tvil, sett deg inn i saker, snakk med kandidatar og ver ein bevisst veljar. Vårt engasjement er avgjerande for å forma framtida til kommunen vår, og framtida me skal leva i.

Lat oss vera med å setja dagsorden ved årets kommuneval. Saman kan me setja vårt preg på lokalpolitikken, og sikra at våre interesser vert representert. Lat oss visa vårt engasjement og stemme for framtida. Eg vil oppfordra til å gje personstemmer til ungdomskandidatar, men det aller viktigaste er at ein stemmer.

Hugs, me er ikkje berre framtidas leiarar – me er òg dagens veljarar!

Godt val!

Lars Petter Lie,
ein engasjert, ung listekandiat nr. 18 for Sveio Høgre