Skulehagar handlar om å dyrke framtida. Her lærer elevane kor maten kjem frå, og det gir grunnlag for å syte for eigen matproduksjon seinare i livet, skriv Arne Valen.
Skulehagar handlar om å dyrke framtida. Her lærer elevane kor maten kjem frå, og det gir grunnlag for å syte for eigen matproduksjon seinare i livet, skriv Arne Valen. FOTO: Arkiv

«Ein meir praktisk skule»

Regjeringa vil løyve 120 millionar kroner til praktisk utstyr i skulen. For Sveio betyr det tilskot på 161.000 kroner til bruk for meir praktisk og variert læring på 5.-10. trinn.

Mange barn og unge fortel at dei ikkje er motiverte og synes skulen er keisam. Regjeringa vil gjere 5.-10. trinn meir praktisk og variert med meir fysisk aktivitet slik at elevane kan lære meir og trivast betre. Til dette treng skulane meir ressursar til utstyr og læringsarenaer. Kommunen kan kjøpe utstyrspakkar, tur- og friluftsutstyr og utstyr til verkstadar.

Sveio Senterparti har etablering av skulehagar ved alle skulane i Sveio i programmet for 2023-2027. No får Sveio-skulen moglegheit til å gjennomføre dette ved hjelp av tilskotsmidlane. Senterpartiet vil generelt ha meir uteskule i undervisninga. Lærarane vil finne støtte for slik undervisning i læreplanen  for å drive tilpassa undervisning og tverrfaglegheit. Det vil fremje danning i samfunnet.

Skulehagar handlar om å dyrke framtida. Her lærer elevane kor maten kjem frå, og det gir grunnlag for å syte for eigen matproduksjon seinare i livet. I undervisninga kan ein huke av fleire boksar: mat og helse, kroppsøvingsfaget, naturfag, samfunnsfag, matematikk, og KRLE.

Uteskule reduserer stress. Det seier forskinga (professor Ulrich Dettweiler, Universitetet i Stavanger). Elevar som har uteskule bryt ned stresshormonet Kortisol. Det var ein samanheng mellom elevar som  gjennom uteskule fekk større valfridom, meir eigarskap til undervisninga og hjernemodning. Forskinga seier at elevar som gjennom eit heilt skuleår har uteskule har ein høgare grad av hjernemodning i det lingvistiske systemet enn elevar som berre satt inne.

Regjeringa sin tilskotspakke for praktisk læring i skulen gir Sveio kommune moglegheit til å komme raskare til målet om å etablere uteskule og skulehagar til dømes.

Arne Valen
2. listekandidat
Sveio Senterparti