Asle Georg Halleraker
Asle G. Halleraker
Tverrpolitisk Fellesliste
Det vil vere feil å hevde at Arbeidarpartiet har vore den offensive krafta i lokalpolitikken i Sveio som «sikrar utvikling og vekst». Dei har heller støtta vedtak som er gjort gjennom lange prosessar og grundig tverrpolitisk samarbeid, skriv Asle G. Halleraker. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Litt mykje Møllers tran ordførar Erve?»

Ordførar Erve har i sitt siste lesarinnlegg ei heil oppramsing av saker som Arbeiderpartiet har «sikra», «jobba for», «gjennomslag for», «sett av årlege midler til»… og liknande. Ein kan få inntrykk av at det er ordføraren og Arbeidarpartiet som har drive fram denne utviklinga. Det er i beste fall ei sterkt sminka sanning.

Alle desse prosjekta som er nemnt i lesarinnlegget til ordføraren har vore forankra i eit breitt fleirtal i kommunestyret der svært mange representantar har vore med å støtta opp under og drive fram vedtaka. Det vil vere feil å hevde at Arbeidarpartiet har vore den offensive krafta i lokalpolitikken i Sveio som «sikrar utvikling og vekst». Dei har heller støtta vedtak som er gjort gjennom lange prosessar og grundig tverrpolitisk samarbeid.

Her har Høgre, FrP, KrF og dei uavhengige arbeidd tverrpolitisk godt i lag, for å samle kommunestyret omkring solide og berekraftige vedtak. Det har me lukkast med, og det har gitt inspirasjon til ei Tverrpolitisk fellesliste, fordi me har erfart at det er ein god veg å gå. I framtida er me sjølvsagt klare for å halde fram med den vegen, og inviterer gjerne alle som vil vere med å gå den, også Arbeiderpartiet dersom det er interessant for dei.

Eg synest difor det er viktig å få fram at det nettopp er gjennom eit tverrpolitisk samarbeid at me har fått mange samrøystes og gode vedtak i kommunestyret dei siste to åra.

No er det valkamp, og eg skjønar godt at ein Ap-ordførar vil få fram det som ein har gjort av små og store tiltak. Det vil alle som driv valkamp. Stortingsrepresentant Knudsen (Ap), listekandidat Bergmål (Ap) og listekandidat Håland (Ap) skriv alle i rosande ordelag om ordførar Erve sine prestasjonar.

Det som er felles for alle dei tre forbundsfellene er at dei skriv ikkje noko om konkrete saker eller prosjekt som Erve har drive fram etter fått utteljing for verken i Oslo, Vestland fylke eller i Sveio i kraft av sitt embete som ordførar. Alle desse kontaktane regionalt og nasjonalt bør vel gi utteljing for Sveio.

Eg saknar ein ordførar som har drive fram dei store investeringsprosjekta i Sveio til vegs ende gjennom eit tverrpolitisk godt handverk for å kome i mål her lokalt. Det er lett å forstå at det kan vere krevjande med utmeldingar frå partiet, men eg vil igjen streke under at det skuldast Arbeiderpartiet sin til tider uforståelege politikk nasjonalt og ikkje lokalt.

Eg saknar ein ordførar som kan vise til konkrete gjennomslag for Sveio i dei mange ulike råd, utval, styrer, selskap og representantskap som ordføraren sit i lokalt og regionalt. Kva har kome Sveio til gode gjennom investeringar i samferdsel, statlege bedrifter eller øyremerka tiltak frå Vestland Fylkeskommune i til dømes eit betre kollektivtilbod?

Ordførar Erve har vore kjempeflink i å representere Sveio i ulike fora lokalt og nasjonalt. Det er ein styrke og ein funksjon som er viktig for ein person i hennar posisjon. Ordførar Erve har stilt opp på små og store arrangement, og gitt ei positiv kraft til mange lag og organisasjonar som står på for Sveio. Det er det ingen tvil om og må rosast.

I slutten av ein valkamp synest eg det i tillegg er viktig å gi skryt og ros til alle dei representantane som saman har stått på for, og gjennomført, gode politiske vedtak i kommunen. I neste periode håpar eg at kommunestyret kan einast om solide tverrpolitiske fleirtalsvedtak for å styrke Sveio sentrum og alle dei flotte bygdene våre.

Me må løfte i saman til det beste for heile Sveio og vere rause nok til å gi skryt og ros til dei som fortener det. Ærast den som ærast bør.

Godt val!

Asle G. Halleraker
Ordførarkandidat Tverrpolitisk Fellesliste i Sveio