Asle G. Halleraker (TvF) under den felles valvaka i Sveio 11. september.
Asle G. Halleraker (TvF) under den felles valvaka i Sveio 11. september. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Takk, gode sveibu»

Takk til deg som stilte opp på kandidatlista vår.

Takk til deg som skreiv under slik at me fekk stille til val.

Takk til alle listekandidatane våre som trur på prosjektet vårt.

Takk til deg som stemte på oss og trur på oss.

Takk til deg som gav oss ein slenjar.

Takk for at du som sveibu viste oss tillit.

Takk for at me fekk eit mandat frå veljarane og to plassar i kommunestyret.

Framtida vil vise om me kan gjere ein forskjell for dei sakene me trur på.

Takksam helsing frå

Tverrpolitisk Fellesliste – med Sveio i sentrum

Asle G. Halleraker