Asle G Halleraker
FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Nyskapande aktivitetsanlegg – vegen vidare og signal frå posisjonen»

Kva vil posisjonen med utviklinga av sentralidrettsanlegget? Det er i dag noko uklart for oss i Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) etter kommunestyremøtet på måndag. Etter ein lang og god debatt i saka om nyskapande aktivitetsanlegg, presenterte me i TvF eit nytt punkt 4. Det ber rådmannen om å lage ei kartskisse over heile området rundt sentralidrettsanlegget, der både ny fotballhall, ny idrettshall og badeanlegg blir teikna inn, for å finne ut kva det er plass til, eller om ein må sjå på andre lokasjonar nord for Sveiogata og langs Leitevegen og Fv. 47 til ein ny fotballhall med plass til ein 9-arbane.

Det ville ikkje posisjonen (H, KrF, Sp, Frp og INP) vere med på. Dei er berre interessert i ei kartskisse som viser ein fotballhall plassert i området Sentralidrettsanlegget. Er det eit signal om at dei eigentleg berre vil ha ein fotballhall og ikkje noko meir, eller har dei andre gode grunnar til å skrive om TvF sitt opphavelege framlegg til vedtak i punkt 4?

Posisjonen sitt punkt 4 om kartskissa står difor litt i kontrast til deira punkt 1 i vedtaket om nyskapande aktivitetsanlegg der dei same partia går for «Maksimal målutnytting» i Scenario 2 kor ny idrettshall inngår som ein del av heilskapen.

Kvifor posisjonen ikkje ynskjer ei heilskapleg kartskisse for heile området der ny fotballhall og alle elementa i Scenario 2 er inkludert, er for meg uklart. Kva vil dei eigentleg?

Dei føreslåtte vedtaka under:

Kartskisse (TvF, Ap, MdG, SV)

Punkt 4:
Rådmannen blir bedt om å lage ei kartskisse for heile området som viser korleis ein fotballhall (9-arbane), idrettshall og badeanlegg kan bli plassert i området sentralidrettsanlegget. Vidare ber ein og om at det blir laga ei kartskisse som viser hallen plassert eksempelvis i området som i sentrumsplanen er definert som BN3 / BN4 – nord for noverande kunstgrasbane.

Kommunestyret ber rådmannen legge fram ei sak om dette i første møteserie etter nyåret.

(H, Sp, Krf, Frp, INP)

Punkt 4:
Rådmannen blir bedt om å lage ei kartskisse som viser korleis ein fotballhall som inneheld ein 9-ar bane kan bli plassert i området sentralidrettsanlegget.

Beste helsing

Asle G. Halleraker,
Tverrpolitisk Fellesliste (TvF)