Eg sit med ei kjensle at eg må ta ei avgjerd som kastar familiar ut i økonomisk uføre, skriv Kristian Haaland. I bakgrunnen Anne Lise Økland.
Eg sit med ei kjensle at eg må ta ei avgjerd som kastar familiar ut i økonomisk uføre, skriv Kristian Haaland. I bakgrunnen Anne Lise Økland. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Ope brev til Vegvesenet angåande ny E39»

Kjære Vegvesen

Eg klarer ikkje heilt sleppa spørsmålet eg stilte under orienteringa de hadde for Sveio kommunestyre 6. november. Sveio er ein langstrekt kommune med mange flotte og unike kvalitetar. Ein del av bygdene våre ligg landleg til, med dei fordelane og ulemper dette medfører.

Felles for alle som bur i bygdene våre er at dei er veldig stolte over «plassen» sin og nøgd med å bu der. Dessverre er det slik i landet vårt i dag at den økonomiske verdien av ein bustad ikkje alltid samsvarer med verdien han har for dei som bur der. Det vil føra til at kompensasjonsordningane som ligg til grunn for å løysa ut ein eigedom i samband med ny E39 vil føra til store utfordringar for dei det gjeld.

Eit aspekt er den ulempa det medfører å bli tvinga til å flytta frå heimen sin. Det andre er det økonomiske aspektet. Ein eigedom i sentrale strøk vil i dei fleste tilfelle få ein marknadsverdi som er høgare enn det kosta å byggja bustaden. Det er også fleire bustader tilgjengeleg for kjøp innan kort avstand.

Slik er det ikkje på bygdene. Me har bygder i Sveio som når du set nøkkelen i døra på huset du har bygd, er marknadsverdien allereie sokke under byggekostnaden. Det finst få eller ingen bustader til sals i områda som ein kan kjøpa for tilsvarande sum viss ein må flytta. Dette vil medføra at E39 tvingar folk til å ta opp lån for å skaffa seg tilsvarande bustad andre stader.

Ein av fordelane Vegvesenet viste til med å unngå tunnelar var økonomi. Det er dyrare å byggja og drifta tunnelar kontra veg. Viss ein då eksempelvis sparer 150 millionar ved å ikkje laga tunnel, synest eg det er rimeleg å bruka noko av denne innsparinga for å sørgja for dei familiane som blir ramma. For meg vil det vera andre forhold som vil avgjera om eg vel tunnel enn det økonomiske aspektet.

Eg forstod det av presentasjonen at mykje av avgjerder rundt traseval blir lagt over på kommunestyra. Det er ikkje ei avgjerd eg gler meg til, og eg håpar alle ramma forstår at me i kommunestyret er mellom borken og veden. Eg sit med ei kjensle at eg må ta ei avgjerd som kastar familiar ut i økonomisk uføre. I tillegg til dette må desse familiane leva i uvisse i lang tid før ei eventuell avgjerd vil takast. Eg håpar de kan ha fokus på dette under folkemøte i Førde 14. november.

Kristian Haaland,
Sveio Ap