Rett og slett brutalt at det er utarbeida eit forslag til ny E39 trasé gjennom 3 barnefamilier på rad, skriv Lars Andreassen.
Rett og slett brutalt at det er utarbeida eit forslag til ny E39 trasé gjennom 3 barnefamilier på rad, skriv Lars Andreassen.

«Middagshaugen vs. nye E39»

Vi har fleire varsel fått,
me måtte rett og slett grina så smått!

Ska dei no riva våre hus eller ikkje,
Da veit dei enno ikkje!
Me blir tvinga te å gå i uvisse,
og ikkje påbegynna nye oppussings-skisse!

Våre hus,
Våre heima,
Kor ska me plassere beina?
Me føle fortvilelse og hat,
No e ikkje tida inne for å vera lat!

Eit hus er ikkje berre ein heim,
Ikkje berre ein plass å bu,
Da e tryggheten til vår barn, og må me alt no snu?

Kan verkeleg kommunen velga eit så dårleg trasèval,
som igjennom Middagshaugen e jo heilt banal!

Dei set våre liv på pause,
Og er langt ifrå rause.

Har de hjarta i behold,
Legg vekk tanken om Middagshaugen i mold!

Her må me kjempa, for å behalda vårt hus, nabolag, tryggleiken både vaksne og ungane har her. Når du kjøper hus, og trudde du endeleg hadde fått landa, så har du no 2-3 år i uvisse på om du får bu der du sjølv eig.

For det tek såpass med tid å havna på ei avgjersle. Rett og slett brutalt at det er utarbeida eit forslag til ny E39 trasé gjennom 3 barnefamilier på rad. Legg vegen i tunnel, ferdig arbeid! La naturen og mangfaldet leva!

Lars Andreassen