Før i tida budde det fleire generasjonar på gardane. Fleire jobba i lag. I dag arbeidar bøndene stort sett åleine. Einsemda i landbruket pressar den psykiske helsa, skriv Arne Valen. Illustrasjonsfoto.
Før i tida budde det fleire generasjonar på gardane. Fleire jobba i lag. I dag arbeidar bøndene stort sett åleine. Einsemda i landbruket pressar den psykiske helsa, skriv Arne Valen. Illustrasjonsfoto. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Bonden si psykiske helse»

Korleis vi har det på arbeidsplassen har stor betydning for den psykiske helsa. Bøndene er ei yrkesgruppe med ein krevande arbeidsplass. Det er lange arbeidsdagar og tungt kroppsarbeid i landbruket. Bøndene må takle periodar med store nedbørmengder, tørkeperiodar, endringar i marknaden og skiftande politiske rammevilkår. Bonden har høgt arbeidspress og liten kontroll over eigen arbeidssituasjon. 60 timars arbeidsveke er snarare regelen enn unntaket.

Dei fleste bønder opplever yrket som meiningsfylt med mykje autonomi i arbeidet, men det er eit einsamt yrke, ein jobbar mykje og kjenner på økonomien. Bonden kan bli betre til å snakke om si psykiske helse. Norsk og internasjonal forsking viser at bønder har dårlegare mental helse enn andre yrkesgrupper.

Før i tida budde det fleire generasjonar på gardane. Fleire jobba i lag. I dag arbeidar bøndene stort sett åleine. Einsemda i landbruket pressar den psykiske helsa. Bonden er van med å ta seg saman når det buttar imot. Når ein kjenner at noko i kroppen ikkje stemmer er det fort gjort å overhøyre signala og halde fram i same tralt. Ein søker ikkje hjelp fordi ein er van med å klare seg sjølv. Bonden har ansvar 365 dagar i året, også dei tunge dagane. Stress, søvnmangel og bekymringar over tid går utover arbeid og privatliv.

Frå tid til annan høyrer vi om dyretragediar i landbruket som då 1.500 grisar blei funnen døde på ein gard i Trøndelag nyleg. Når ein ikkje lenger orkar å trø or senga, opne døra og stelle dyra, er det blitt tragedie både for dyr og bonde.

Ein skulle hatt mange rundt bonden som kan observere og handle før det går for langt. Veterinæren har ei viktig rolle til å sjå signala om negative endringar på garden. Rådgjevarar i kommunen og hos Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) har kompetanse til å gi råd og støtte. Norsk Landbruksrådgjeving har for tida 120-200 krisesaker i heile landet.

Landbruket er den største næringa i Sveio. Den kommunale helsetenesta bør difor ha stort fokus på bøndene si psykiske helse. Vi treng meir openheit om utfordringane slik at bøndene vågar å søke hjelp tidleg. Vi skal ikkje sjå på at fleire bønder går stille ned trappa til kjellaren.

Arne Valen
Kommunestyrerepresentant Sp
Leiar i Hovudutval Helse og Omsorg