I dag er vegprisen så høg at ein ikkje har betalingsevne i anna enn elektroniske kontopengar. Slike som flyg frå bomstasjonar og rett inn på ein annan konto når ein passerer, skriv Roald Østensjø. Her fotografert under folkemøtet i Førde.
I dag er vegprisen så høg at ein ikkje har betalingsevne i anna enn elektroniske kontopengar. Slike som flyg frå bomstasjonar og rett inn på ein annan konto når ein passerer, skriv Roald Østensjø. Her fotografert under folkemøtet i Førde. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Nye E39: Stavanger–Bergen-banen»

Denne vegbaneplanen gjer det heile tida mindre omfattande å vera naturvernar. Naturvern er blitt å verna stadig mindre natur. Vi er ved eit kritisk botnnivå. Planen må stoppast.

E39 – tankar, refleksjonar og spørsmål etter folkemøtet i Sveio:

I. Me har fått med oss at Vegvesenet er blitt «allergisk mot tunnelar» – ja, det er alltid lov å snu. Dei blir altså for dyre.

Når det så er et faktum at el-bilar er i himmerike ved +\- 40 km/h, kor nært foreståande er det at det same Vegvesenet blir allergisk mot både 110 og 80 som fartsgrense? For vogntog, bussar og personbilar, så vel som for mjølkeruta og andre nyttekøyrety?

II. Ein ny veg som snor seg gjennom same terrenget som dagens veg mellom Stavanger og Bergen, vil koma til å kutta opp i parkliknande parsellar i det vesle me har igjen av romslege naturområde. Vel 9.000 hjortedyr blir kvart år kjørt ihjel her i landet.

1. Skal vegen gjerdast inn?

2. Korleis har vegvesenet vurdert levedyktigheta til økosystema som blir delte i to?

III. 20 milliardar kroner er det sagt at kostnaden er for prosjektet.

Me siterer frå forslag-til-planprogram::

«På strekninga mellom Arsvågen i Bokn og tunnelopninga for Bømlafjordtunnelen i Sveio vil køyretida reduserast med 30 minutt samanlikna med i dag.» Sitat side 19.

Det er 666 millionar per minutt. Vegen vil med ei brukstid på 100 år anslagsvis, kosta samfunnet 6,66 millionar i året per sparte minutt, i 2023-kroner.

Samfunnet er i dette høvet haugalendingane, som det finst nokre titusener betalingsdyktige av.

6,66 millionar delt på til dømes 67.000 innbyggjarar = 100 kroner.

Er det då rett å seie at det kostar kvar og ein av oss 100 kr. / minutt x 30 minutt = 3.000 kroner i året – i 100 år for den halve timen i tidsbesparelse, for i hovudsak varetransport over reine «Middelhavet» mellom to byar?

Eller blir det nedbetalt på kortare tid? Då med endå fleire tusen samfunnskroner i året den tida.

IV. Me siterer frå forslag-til-planprogram:

«Vegen skal byggast med planskilde kryss og minste avstand mellom kryss bør være minimum 5 km.  Planskilde kryss kan utformast på fleire måtar, men felles for alle er at dei er arealkrevjande. Vegen skal være avkjørselsfri.» Frå side 20.

Til presentasjonen i Tysvær var punktet om «ingen avkjøring», omgrepet avkjørselsfri, blitt endra. 5 kilometer ser ut til å vera Våg–Aksdal. (Planen nemner 6 kryss, med moglegheit for eit sjuande i Førde)

Om det er 5 kilometer mellom berre to kryss:

Det vil seia resten 65 km med 5–6 kryss = 11–13 km mellom jamt fordelte kryss – på «avkjørselsfri» veg. Kor lang er lengste avstand mellom kryss? Poenget er at ny veg ikkje blir dagleg nytta av haugalendingane.

V. Rulle- og luft-motstand: el-bilar lik eit BRIO magnet-tog, regulert avstand mellom «vognene» påpassa av vidareutvikla cruisekontroll og satellitt-monitorering – i nær framtid – er vel lett å sjå føre seg? Datamaskiner på hjul som dei er, el-bilane, med inntil 36 prosent kWh-besparing, samanlikna med fri fart opp mot 110 km/h.

Det er som å fyra elektrisk for kråkene. Eit sjølvsagt framtidig ENØK-tiltak? Etter tvingande nødvendig endring av vegtrafikklova med forskrifter.

Vegen og energibehovet, samt høg hastigheit, blei det snakka om. Lågenergi-køyring blei ikkje nemnt.

VI. Store delar av Sveio-naturen er nå i vår tid eit etter måten romsleg kulturlandskap, som for få tiår sidan var mykje meir velfungerande som beite for husdyr av ymse slag. Vegvesenet påviser «urtelauvskog». Variert lauvskog med eit rikhaldig innslag av urter i graset er gull verdt som beite for «metanfri» husdyrdrift. Tilgroinga av både innebø og utebø, såvel som utmarka, tek grovt for seg av naturrikdommen i kommunen.

Då veks villdyrbestanden, utan å vera like matnyttig. Gå ut og registrér lokalitetar av urtelauvskog, og meld inn!

VII. Dei fyste industrivaretransportvegane mellom byar her i verda blei rulla ut for over 200 år sidan. Til stor skepsis. Fordi kostnadane blei estimerte til å kome ut med høge tal, skremmande høge. Men lovnaden om auka vareproduksjon og -sal trumfa innvendingane. Vegprisen blei klubba gjennom.

Landskapet som vegen gjekk gjennom kunne dermed prissettast – til nøyaktig lik vegprisen som var målt opp mot varene sin  verdi.

Årsak <–> verknad

Det var den gong betalinga skjedde i klingande mynt, gull og sølv! Eventuelt summert opp med dei mindre pålitelege pengesetlane.

I dag er vegprisen så høg at ein ikkje har betalingsevne i anna enn elektroniske kontopengar. Slike som flyg frå bomstasjonar og rett inn på ein annan konto når ein passerer.

Ikkje-prissette verdiar finst sjølsagt ikkje. Det er berre det at den uvante tanken at levande natur — kulturlandskap eller villmark — nå faktisk har vakse til milliardverdiar. Det forvirrar.

Per definisjon er det forresten ikkje villmark att i Sveio.

Asfalt – ei mangelvare når olja blir utfasa. Mineraloljebasert energi og tilleggsprodukt skal i 2050 nemleg utgjera 3–5 prosent av 1990-konsumet. Nok til landbruket, og litt til. Kjelde: NOU 2023:25, publisert for 3 veker sidan.

Vegvesenet forsikra, med eit glimt i auga og til latter i salen, at asfalt var bestilt og låg klar i haugar.

Roald Østensjø
Leiar i Naturvernforbundet på Haugalandet