Her kan ein sjå kor langt ein kjem på ein time med dagens veg, og nye E39. Illustrasjon: Statens vegvesen
Her kan ein sjå kor langt ein kjem på ein time med dagens veg, og nye E39. Illustrasjon: Statens vegvesen

«E39 firefeltsveg»

Har lest med interesse om kva som blir debattert i avisspaltene om dette tema.

I hovudsak undrar eg meg sterkt over kva behov ein har for denne vegen. Forstår at det er nyttig og fornuftig med firfeltsveg ut / inn av byane. Men alle desse mila gjennom fleire kommunar, det vil seia frå sør for Bokn til Halhjelm, blir for meg ei gåte å forstå behovet for.

Skal mange bygder betala ein enorm pris for at trafikken kan spara inntil 30 min? Prisen for dette er rasering av  mange nabolag, natur, jordbruksområde mm. Kven har spurd dei som bur her før vedtak blei gjort?

Eit anna spørsmål er om det er mogleg å fullføra denne vegstrekningen i løpet av 2038, sidan kommunane skal vedta sine lokale planar for vegtraseen innan 2025, det vil seia byggetid i løpet av 13 år. Me kan jo samanlikna dei korte strekningane i Førresbotn og Skjold sentrum for nokre år sidan. Det gjekk mykje tid og mange millionar den gongen.

Pris er førebels 15-20 milliardar kan eg lesa. Etter ein del år, må me rekna at summen kan ha auka ein god del, som dei fleste prosjekt. Men det er ikkje det viktigaste. Desse pengane bør heller bli brukt på alle dei titals farlege mila i fylka våre som vegen går gjennom. Her er mange bygder som har særs farlege strekningar, berre eitt eksempel er Ølen–Etne-området.

Me er mange som bur langs desse smale vegane. Hadde vore fint om skulebussar med barna våre, og elles dagleg køyring for oss med stadig redsel for kva ein møter på delvis einvegskjørte vegar på allslags føre. Mange i fylka  våre ville blitt veldig glade for ein enkel tofelts veg, trygg for ras og å kunna møta andre trafikkantar på ein trygg måte.

Eg syns ikkje det er ikkje etisk forsvarleg å bruka så mykje pengar, for å spara 30 minuttar. Men verst av alt øydeleggja så mykje buområde gjennom våre kommunar då me ikkje har behov for den vegen.

Men det er vel «ingen skam å snu», så lenge ikkje vegen er bygd? Det har nå vel hendt før i dette landet at vedtak aldri blei sett ut i livet. Eg hugsa for nokre år sidan då politikarar tok til ordet for å skrinleggja, i alle fall førebels, ferjefri fjordar nordover.

Ei lita trøyst i teksten om vegen var: Alternativ vegstandard skal undersøkast (lågare fart og færre felt).

Eg har fått med meg at det er viktig å spara tid, same kven som betalar prisen. Men då anbefaler eg fly viss ein har det så travelt.

Johanne Byrkja Jacobsen