E39 i ny trasé blir det største naturinngrepet me får sjå i Sveio i vår levetid, om planane blir realiserte. Sjølve arealbeslaget blir enormt, men skadeverknadane går mykje lenger enn til vegskuldra, skriv Olav Østebø Olsen. Utsnitt frå Statens vegvesen sitt kart over traseen.
E39 i ny trasé blir det største naturinngrepet me får sjå i Sveio i vår levetid, om planane blir realiserte. Sjølve arealbeslaget blir enormt, men skadeverknadane går mykje lenger enn til vegskuldra, skriv Olav Østebø Olsen. Utsnitt frå Statens vegvesen sitt kart over traseen.

«Gløymer kommunestyret naturen?»

Naturen vår blir bygd ned og øydelagt i eit stort omfang. Krisa er alvorleg, og ho er menneskeskapt. Kommunestyret har stor makt til å avgjera korleis me skal bruka areala innanfor grensene våre, og ansvaret for å snu utviklinga ligg derfor hos oss. Tar me det ansvaret?

E39 i ny trasé blir det største naturinngrepet me får sjå i Sveio i vår levetid, om planane blir realiserte. Sjølve arealbeslaget blir enormt, men skadeverknadane går mykje lenger enn til vegskuldra. Nye vegar bryt opp og forstyrrar økosystema. Det som er ei ferdselåre for oss, er eit kjempehinder for dei fleste andre artar, frå mikroorganismar til storvilt.

I eit intervju med Vestavind publisert på nettavisa den 16. januar erkjenner ordførar Andre Mundal Haukås (H) at det vil gå med mykje areal, men han legg til: «Nå har kommunestyret bede planleggjarane om å ta mykje omsyn til verdiane som ikkje kan prissetjast. Som urørt natur. Og me har også gått innfor å leggja store delar av vegen i tunnel.»

Ordføraren snakkar for seg sjølv, men eg trur at det han seier, gir eit dekkande uttrykk for sjølvforståinga til store delar av kommunestyret. Denne forståinga er dessverre eit sjølvbedrag. Vedtaket vårt om høyringsfråsegn til planprogrammet den 11. desember var langt frå grønt – i beste fall var det lysegrått.

Det er sannsynleg at å legga større delar av strekninga i tunnel vil vera ei betre løysing for naturmangfaldet, sjølv om det ikkje er heilt sjølvsagt. Utover dette er det lite ved kommunestyret si handsaming som trekker planlegginga i grøn retning så langt. Tvert imot. Fleirtalet slo fast at vegen må byggast som firefeltsveg. Eit framlegg om å greia ut mindre arealkrevjande vegstandardar blei derimot stroke.

Ingen av dei andre tilleggspunkta politikarane vedtok i møtet, fremja miljøomsyn. I staden blei det kravd bevaring av bustadområde, næringsområde — og så mange kryss som mogleg. Vedtaket vitnar ikkje om noko støre medvit om at desse prioriteringane kan ha som logisk følge at naturomsyn må vika.

Når me handsamar saka om E39 vidare, må me løfta naturperspektivet og føre var-prinsippet. Ansvaret for å avgrensa eit gedige og irreversibelt inngrep ligg på oss. Me forsømmer dette ansvaret om me allereie no inntar posisjonen som heiagjeng og pådrivarar for naturskadelege løysingar.

I staden må me ha eit kritisk blikk — kor store inngrep er forsvarlege? Er trafikkframskrivingane me blir presenterte for, reelle? Og kanskje viktigast av alt: Er alt dette del av ei ønskeleg utvikling av samfunnet? Er dette endringar me skal framskynda, eller skal me trekka i naudbremsa?

Olav Østebø Olsen
Kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti