Barna må nå krysse vegen i uopplyst område, som kan vere farleg om bil kjem køyrande. I same område blir fartsgrensa endra frå 60 km til 80 km/t, skriv Dagfinn Fagerland Bjørge.
Barna må nå krysse vegen i uopplyst område, som kan vere farleg om bil kjem køyrande. I same område blir fartsgrensa endra frå 60 km til 80 km/t, skriv Dagfinn Fagerland Bjørge. FOTO: Einar Vesrvik

«Det er ikkje akseptabelt at gatelyset ikkje lyser»

I dag blir det sett opp gatelys både her og der. Det er vikitg for tryggleik for gåande og køyrande.

Eg har over lang tid dagleg køyrt forbi vegen som går opp til Fagerland. I krysset der er det eit gatelys som står ved fylkesvegen. Dette gatelyset har glimra med å ikkje lysa. Det vil seia det er heilt svart. Slikt har det vore i svært lang tid, mellom anna heile hausten 2023, og det er framleis svart.

Frå Fagerland er det vel 8-9 personar som er i skulealder og tek buss frå dette krysset. Slik eg, og nok mange andre vurderer det, er det ikkje akseptabelt at gatelyset ikkje lyser. Barna må nå krysse vegen i uopplyst område, som kan vere farleg om bil kjem køyrande. I same område blir fartsgrensa endra frå 60 km til 80 km/t.

Det er gjeve melding om manglande lys her fleire gonger, og underskrivne har vore i kontakt med Haugaland Kraft meir enn ein gong.

Så langt resultatlaust. Ein blir møtt med prioriteringsliste, og at det er mange gatelys å drifta i heile nedslagsfeltet til kraftlaget. Gjerne ein fornuftig måte å drifta gatelys på i distriktet, men lys som ikkje lyser som ein gjev melding om blir ikkje skifta. Utover dette fekk eg opplyst av kraftlaget at det er uklart kven som er gatelyseigar. Då var det ikkje berre berre å få skifta dette lyset. Ansvaret for drift av gatelys ligg på kraftlaget.

Om dette gatelyset er kommunalt eller fylkeskommunalt burde vere heilt underordna. Når kraftlaget har ansvaret, burde det kome lys i dette gatelyset snarast, så fekk dei heller finne ut kven som skal ha rekninga i ettertid. Det er heller ikkje tale om mange kronene å skifte lyspære.

Trygg skuleveg og tryggleik der elevane kjem, krysser vegen for å vente på bussen eller kjem med bussen, er det viktigaste. Då burde dette forbaska gatelyset vere i orden.

Dagfinn Fagerland Bjørge,
Aulandshamn