Det blei mange dugnadstimar og høg omsetnad på Gjenbruksløa i 2023 også.
Det blei mange dugnadstimar og høg omsetnad på Gjenbruksløa i 2023 også. FOTO: Ellen Marie Hagevik (arkiv)

Årsmelding:

Årsmelding i Sveio Gjenbruksbutikk 2023

60 frivillege har lagt ned rundt 3.000 dugnadstimar i løpet av året. Omsetnaden enda på 883.018 kroner.

Sveio Gjenbruksbutikk vart formelt stifta 15. juli 2014 og opna butikkdrifta den 30. august 2014 under nemninga «Gjenbruksløa».

Sveio Gjenbruksbutikk sitt føremål er å: «driva dugnadsbasert sal av brukte varer som er mottekne vederlagsfritt, til inntekt for nytt soknehus i Sveio. Dersom Sveio Gjenbruksbutikk vert nedlagt, skal alle innsamla midlar overførast til Sveio soknehus sin konto».

Rundt 60 frivillege er med på dugnad og utfører rundt 3.000 dugnadstimar i året.

Sveio Gjenbruksbutikk har i 2023 omsett for 883.018 kroner. Driftsutgiftene eks. rentekostnader har vore 152.205 kroner. Årsresultatet før disponeringar vart såleis 730.813 kroner. Lånet vart nedbetalt i juli 2022.

Det er utbetalt:

  • 41.930  kroner til Schimmelpiano på soknehuset.
  • 10.000 kroner til varmepumpe på Bua bedehus

Opningstidene har vore fredagar frå klokka 14-18 og laurdagar frå kl 11-15, medan tirsdagskveldane (frå 18-21) vert nytta til klargjering av butikken.

Mange fylgjarar på Facebook

Marknadsføringa har i det alt vesentlege skjedd over Gjenbruksløa sin facebookprofil kor ein i skrivande stund har passert 8.065 fylgjarar – ein framifrå prestasjon.

Gjenbruksløa har blitt ein god møteplass for alle frå kyrkjelydane i Sveio kommune, og har møtt ei overveldande positiv mottaking frå kundar frå både nær og fjern.

Styret i Sveio Gjenbruksbutikk

  • Leiar: Per Bjørn Habbestad
  • Styremedlemmer:  Arild Steinsland, Norunn Jensen og Eirik Eriksen

Per Bjørn Habbestad