Bilde frå Tittelsnes-reportasjen i påskenummeret. Utsikt frå det øvste observasjonsrommet på kommandoplassen.
Bilde frå Tittelsnes-reportasjen i påskenummeret. Utsikt frå det øvste observasjonsrommet på kommandoplassen. FOTO: Kjartan Moe Hustvedt

«Kommentar til påskenummeret til Vestavind 2024»

For oss som i mange år har arbeidd for at Vestavind skulle overleva og ha ei god framtid, var det ei sann glede å sjå og lesa påskenummeret av Vestavind.

Mykje godt stoff, mykje reklame som bærer avisa og fleire lokalhistoriske artiklar. For oss som er opptekne av lokalhistorie, var dei interessante både historia som fortel om striden rundt det «nye» kommunehuset og tyskarane si framferd på Festingen og Tittelsnes under krigen. Dei fleste av oss har vel boka til Martin Haugsgjerd og Geir Birger Haug i hylla.

For to år sidan flytta me inn i huset til Fosse på Tittelsnes. Huset var i utgangspunkt bygd av Sirdal rett etter krigen. På den tida var stor skort på material, og ein måtte bruka det ein fekk tak i når ein  skulle bygga og trengte material. Nokre stader blei hus bygd ved at ein sette to brakker saman. Andre stader var det sånn at ein kjøpte seg material frå dei tidligare tyske brakkene.

Sirdal dreiv med transport og hadde eigen lastebil. Då han skulle bygga opp på haugen der huset står i dag, kjøpte han ei brakke og demonterte den, og køyrde materialen opp der huset skulle stå. Materialen frå brakka brukte han både til reisverk og paneling. Då me sanerte innvendig og utvendig på reisverket var det panelt med  bord frå brakkene. Alt på den tida var ein oppteken av gjenbruk.

For ein del år sidan hadde Geir Birger Haug lokalisert nokre av kanonane som opphaveleg hadde stått på festningen. I samarbeid med Bygdelaget ønskte me å prøva å få plassert dei ut igjen der dei opphaveleg hadde stått. Me ville og reinska litt opp i skog sånn at det skulle vera mogeleg å sjå sjøområdet dei dekka. Buskar og kratt er fint rydda nå, men kanonane er ikkje på plass.  Av ulike årsaker fekk me ikkje dette til. Så vidt eg veit, finnes kanonane enda.

Når det gjeld kommunehuset, håpar eg kommunen vil oppdatera og rehabilitera det, sånn at det blir brukt vidare på ein i god måte. Det ein gjorde i Mølstrevåg med Mathisen-huset var ein skandale. Heile miljøet i Mølstrevåg både med butikken, Sildeoljefabrikken og Mathisen-husa er borte, og me har mista eit viktig miljø som kunne synt kor viktig silda var for oppbygginga av Sveio.

Bror Eivind Eriksen