MDG oppfordrar politikarane i Sveio til å seia eit tydeleg nei til firefeltsveg i ny trase i staden for å halda fram med det kommunale planarbeidet. Bildet er frå oktober i fjor då Henry Damman i Statens vegvesen presenterte planane for nye E39 gjennom Sveio.
MDG oppfordrar politikarane i Sveio til å seia eit tydeleg nei til firefeltsveg i ny trase i staden for å halda fram med det kommunale planarbeidet. Bildet er frå oktober i fjor då Henry Damman i Statens vegvesen presenterte planane for nye E39 gjennom Sveio. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Skrinlegg firefelts E39 nå»

Mykje tyder på at den planlagde firefelts motorvegen gjennom kommunen vår aldri kjem til å bli bygd. Det er godt nytt for innbyggjarane i Sveio. Men då må òg planarbeidet stansast, jo før jo heller.

Hordfast er ikkje prioritert i Nasjonal transportplan i denne perioden, og regjeringa har vore tydelege på at framtidige vegprosjekt må nedskalerast og at det i større grad må satsast på gjenbruk av eksisterande vegar. Den komande opptrappingsplanen for Forsvaret gjer òg at det ikkje blir rom for større satsingar på andre område i overskodeleg framtid.

Alt dette betyr at det er høgst uvisst om eller kva tid det vil bli bygd motorveg mellom Bokn og Bjørnafjorden. Lokale og regionale vegtilhengarar teiknar eit mørkt bilete av Vestlandet utan ferjefri E39. Men for dei av oss som er opptekne av å verna natur og miljø for framtida er det ei gladnyheit.

Likevel vil politikarane våre utvida planområdet for E39 i Sveio og halda fram med arbeidet. Også Statens vegvesen held fram med planlegginga. I tillegg til å vera svært kostbart bidreg dette til å halda innbyggjarane i uvissa på ubestemt tid.

Etter vårt syn må ressursane til planlegging snarast omdisponerast til utbetring og trafikktryggingstiltak på eksisterande veg, og dei bandlagde areala bli frigitt. Det vil styrka både næringsutvikling og busetnad i Sveio og resten av planområdet.

Uansett løysing vil ein firefelts motorveg gjennom heile Sveio vera det største inngrepet som er gjort i kommunen vår nokon gong, og leggja beslag på enorme areal. Difor vil MDG oppfordra politikarane i Sveio til å seia eit tydeleg nei til firefeltsveg i ny trase i staden for å halda fram med det kommunale planarbeidet. Me vil arbeida for at E39 gjennom Sveio blir ein trygg og god 2/3-feltsveg som i hovudsak følgjer dagens trasé, og sparer verdifull natur og jordbruksareal. Heldigvis er det ikkje for seint å endra planane.

Vegplanane strir mot ei rekkje overordna målsetjingar for samfunnsutviklinga, mellom anna for utsleppskutt og nedbygging av natur. Motargumenta gjeld sjølvsagt ikkje berre for Sveio, men for heile vegstrekninga.

I fjor bestemte regjeringa at 110 kilometer i timen skal droppast på nye motorvegar, og at fire felt berre unntaksvis skal brukast. Korleis kan det ha seg at me likevel berre får presentert to alternative trasear som begge er planlagt som fullskala firefeltsveg? Vegvesenet skriv sjølv på nettsida for prosjektet at Som ein del av kommunedelplanarbeidet skal det vurderast ulike alternativ for standard:

  • 4-feltsveg, fartsgrense 110 km/t
  • Smalare 4-feltsvegveg, fartsgrense 100 km/t
  • Smalare 4-feltsvegveg, fartsgrense 90 km/t
  • 2/3-feltsveg, fartsgrense 90 km/t

Då prosjektet blei presentert for innbyggjarane blei det siste alternativet avfeid med eit par setningar. Ingen utgreiing blei presentert. Smalare firefeltsveg blei knapt/ikkje nemnt. Kva er det kommunen då skal leggja til grunn for si vurdering? Når ein nå vil utvida planområdet rundt Førde tyder det på at ein erkjenner at det er lite truleg at SVV vil gå inn for tunnel, både her og andre stader i kommunen. Men uansett trasé er dette eit øydeleggjande prosjekt. Det mest framtidsretta vil vera å skrinleggja heile prosjektet nå, og satsa på gjenbruk av den vegen me har.

Ved å satsa på veg med fartsgrense 90 km/t blir mykje verdifullt areal blir spart, og kostnadane langt lågare. Det internasjonale energibyrået IEA har lagt fram sine 10 punkt for korleis me raskt kan redusera oljebruken i verda. Eitt av forslaga er ei 90-maksgrense i vegtrafikken. I motsetning til dei fleste andre tiltak er dette enkelt og lønsamt å gjennomføra, og kan gjerast nesten over natta. Ein ny veg bygd for 110 km/t kan visa seg å bli eit sløseprosjekt av dimensjonar dersom dette blir gjennomført. Til og med bilist-organisasjonen NAF støttar 90-grensa. Dei ønsker at terskelen for å bygga fire felt blir høgare, og at det heller blir meir bruk av to- og trefeltsveg med midtrekkverk.

Overdimensjonerte prosjekt av den typen staten legg opp til langs E39 stel midlar som i staden kunne gått til rassikring, utbetring av vegar og bruer, og meir miljøvenlege ferjer over heile landet. Nå risikerer me òg at millionane renn ut til planlegging av ein veg som ikkje blir bygd.

Det er òg gode grunnar for å stilla spørsmålsteikn ved trafikkprognosane som SVV opererer med. Regjeringa har eit nullvekstmål for biltrafikken i dei store byane. Likevel vil ein altså byggja ein ny veg mellom Bergen og Stavanger der ein legg opp til ikkje mindre enn ein tredobling av trafikken på strekninga.

I Bergen har bystyret vedteke at ein ikkje ønskjer Hordfast, som er del av det same prosjektet som «vår» bit av E39. Dei har ikkje plass til den trafikken som er i dag, og langt mindre til ein enorm auke av trafikken inn mot byen. Prognosane for folketalsutvikling viser dessutan at folketalet går ned (i heile landet/den vestlege verda?). Kven er det som skal stå for den enorme veksten ein legg til grunn?

Ideen om at me må ha ny E39 fordi det skal gje vekst i regionen byggjer på at den tankegangen som har vore rådande dei siste 30 åra òg skal gjelda for dei neste 30 (eller meir). Men det er gårsdagens tru på evig vekst som har skapt dei krisene me står overfor i dag. Er det noko som blir tydelegare for kvar dag som går, så er det at dei tiåra som står framfor oss kjem til å bli heilt annleis enn dei me har lagt bak oss. Då nyttar det ikkje å tru at gårsdagens løysingar er dei som skal ta samfunnet vårt inn i framtida.

Spel på lag med framtida og revider E39-prosjektet nå. Sats på utbetring av dagens veg med 90 km/t som maksgrense. Det gir lågare utslepp, lågare utbyggingskostnadar og sparer mykje natur og matjord frå å bli oppstykka eller lagt under asfalt. Me har ei klima- og naturkrise å ordna opp i, og kan ikkje kasta vekk meir tid og pengar på eit prosjekt som er basert på den same tankegangen som har skapt desse krisene.

Styret i Miljøpartiet Dei Grøne, Sveio