Kommunestyrerepresentant Jarle Jacobsen og leiar Per S. Wathne under valkampopninga.
Kommunestyrerepresentant Jarle Jacobsen og leiar Per S. Wathne under valkampopninga. FOTO: Einar Vestvik

Sveio KrF – årsmøte for 2024

Morten Helland, ordførar i Bømlo kommune og fylkesleiar i Vestland KrF heldt politisk tale og peika mellom anna på fleire aktuelle problemstillingar, ikkje minst ein aukande andel eldre med færre hender i arbeid, det grøne skiftet og at familiane vil bli meir og meir viktige i tida som kjem. Den krafta som er i ein familie må ivaretas og styrkes ved at me alle tek vare på kvarandre.

Gode vegar er viktig for vidare vekst, både fylkesveger så vel som nasjonale vegar, E39, E134 og Hordfast. Flyktningepolitikken i Sveio blei nemt som et positivt eksempel i samanlikning med enkelte andre kommuner.

Politisk gjorde Sveio KrF et godt val hausten 2023, men me har framleis kun to representantar i kommunestyret, Jarle Jacobsen og Sondre Natås Strand. Me søkte og gjekk inn i politiske forhandlingar etter valet 2023 og lukkast med å bli ein del av ei partigruppe som ønsker å styra Sveio på ein trygg og ansvarleg måte dei neste 4 åra.

Partiet er representert i alle hovedutvalg med Jarle Jacobsen i formannskapet, Per S. Wathne i kontrollutvalet, Anne Vierdal i helse og omsorg, Trond Årre i teknisk og Eirin Klepmo Mellomstrand i oppvekst og kultur.

Etter ein god matpause var det vanlege årsmøtesaker som stod på programmet. Styret i Sveio KrF ser nå slik ut for 2024:

  • Per S. Wathne, leiar
  • Sondre Natås Strand, nestleiar
  • Anne Vierdal, skrivar/sekretær
  • Lars Severin Reiersen, styremedlem
  • Trond Årre, vararepresentant

Urd Hjelmeseter fører rekneskap

Du er varmt velkommen til å ta kontakt med oss om det er saker du vil snakke om, enten du er medlem eller ikkje i KrF.

Per S. Wathne, leiar Sveio KrF