Ny veg er viktig for Sveio, og då særleg for utviklinga av Sveio vest-nordvest, og for trafikktryggleik for alle dei som ferdast på strekningen kvar dag til og frå arbeid, skule osv., skriv Sveio Senterparti.
Ny veg er viktig for Sveio, og då særleg for utviklinga av Sveio vest-nordvest, og for trafikktryggleik for alle dei som ferdast på strekningen kvar dag til og frå arbeid, skule osv., skriv Sveio Senterparti. FOTO: Bua bygdelag (arkiv)

«Avklaringar frå Sveio Sp om ny Fv. 541»

Ny fylkesveg mellom Grimstvedt og Sveio engasjerer, og me registrerer at grunneigerane har trekt fram at dei er skuffa, og særleg over Sveio Senterparti, fleire gonger i deira kommentarar på prosessen fram til vedtaket no i vår.

For å klargjera kva Sveio Senterparti meiner, har partiet heilt sidan denne saka starta vore pådrivarar lokalt og opp mot fylket og fylkesordførar for å få i hamn reguleringsplan, få strekningen inn på regional transportplan, og forhåpentlegvis finansiert etterkvart.

Dette er forankra i vårt valprogram som er arbeida fram i programkomiteen, diskutert i gruppemøter og vedtatt av medlemsmøte. Dette har våre kommunestyrerepresentantar blitt valt inn i kommunestyret på bakgrunn av. Vidare har saka vore til diskusjon på gruppemøter i samband med kommunestyrehandsaminga, og ein har der fått eintydige tilbakemeldingar frå medlemmane at ein må sikre framdrifta i reguleringsarbeidet. Så at Sveio Senterparti har hatt ny Fv. 541 høgt på agendaen kan ikkje vera noko overrasking.

Ny veg er viktig for Sveio, og då særleg for utviklinga av Sveio vest-nordvest, og for trafikktryggleik for alle dei som ferdast på strekningen kvar dag til og frå arbeid, skule osv.. Enno viktigare vert ei oppgradering når ein vil få auka tungtransport frå den nye fiskerihamna på Langevåg. At noko må gjerast med vegen er heilt klart, og det er no vegen står på regional transportplan. Det er no det blir bygt på Langevåg, det er no fylket ser mogleghet for å prioritera finansiering av planen i eit stramt samferdslebudsjett.

Når det er sagt, forstår Sveio Senterparti at grunneigerane og dei berørte er skuffa. Prosessen har på mange måtar vore kritikkverdig, og me skulle sett at grunneigerane vart høyrte og tatt omsyn til tidleg i prosessen. Det var difor kommunestyregruppa vår, i forrige kommunestyreperiode, samla stemte i lag med resten av kommunestyret for å utsette saka. Nettopp for at administrasjonen skulle gå i direkte kontakt med grunneigerane for å få til ei betre løysing. Ei løysing ein kunne verta omforent om.

Det gjekk omlag halvtanna år frå utsettingsvedtaket våren 2022 utan at ein kom nærare ei løysing. Noko som var svært skuffande, fram til saka igjen var til handsaming i kommunestyret før jul i fjor.

Fylket var klare på at ei vidare utsetting av reguleringsarbeidet ville få konsekvensar for statusen i regional transportplan og vidare framdrift.

Det er argumentert for at ein burde utsett reguleringsplanen, og at dette neppe ville fått nokre store konsekvensar for når me får ny veg. Fylket derimot seier ein då krev at reguleringsarbeidet måtte starta på nytt.

Det å vera politikar krev av og til at ein må ta vanskelege og tunge avgjerder. Særleg vanskeleg er det når avgjerdene går ut over enkeltpersonar. I denne saka vedtok Sveio Senterparti i lag med resten av kommunestyret å ta ein fot i bakken for å koma grunneigerane i møte. Dessverre klarte ein ikkje det – tida rann ut.

Ni år er gått, å skyva saka vidare i tid og ut av RTP er ikkje kva Senterpartiet har lova veljarane våre. Difor stemte Senterpartiet sine 3 representanar for å godkjenna reguleringsplanen no i vår. Så må Sveio kommune ta lærdom av denne saka slik at ein tar grunneigerar meir på alvor ved neste korsveg!

For Sveio Senterparti
Ole Velde, lokallagsleiar