Gjekk dei gamle planane opp i flammar då kommunehuset brann? spør Anna Lauvås.
Gjekk dei gamle planane opp i flammar då kommunehuset brann? spør Anna Lauvås. FOTO: Bua bygdelag (arkiv)

«Vegen Bua-Sveio»

Då eg som innflyttar kom til Lauvås for over 60 år sidan, snakka bebuarane på Færås og Lauvås om at no skulle det koma ny veg. Den skulle gå frå Lier i søraustleg retning og koma ut på hovudvegen ved gravplassen på Bjelland. Det var semje om dette, for då berørte dei korkje hus eller heim.

På Lauvås var vegen tenkt til å gå bak huset i dalsøkket ved Kubben. Og så måtte dei til med ein liten tunnel lengst i sør. Alt var planlagt og vedteke. Merkestikkene sto og lyste lang veg i terrenget. Dei venta berre på finansieringa, så skulle arbeidet starta.

Over 60 år seinare ser me at det ikkje har vore nokon framgang, berre krangling om traseen. Gjekk dei gamle planane opp i flammar då kommunehuset brann? Eg berre lurer.

Anna Lauvås, Lauvås i Sveio