Denne flotte gjengen frå Sveio var på 4H Landsleir 6.-13. juli på Voss: F. v. Hans Ole Emberland, Agnete Flatnes Skarveland, Åshild Irene Lie og Åsmund Flatnes Skarveland.
Denne flotte gjengen frå Sveio var på 4H Landsleir 6.-13. juli på Voss: F. v. Hans Ole Emberland, Agnete Flatnes Skarveland, Åshild Irene Lie og Åsmund Flatnes Skarveland. FOTO: Privat

Nøgde heim frå landsleir

Fire sveibuar har vore aktivt med som leiarar under 4H sin landsleir på Voss tidlegare i juli.

I dagane 6.-13. juli blei det arrangert 4H landsleir på Voss. Det er då 24 år sidan det blei arrangert landsleir i Hordaland sist, også den blei arrangert på Voss som no. På Landsleiren var det samla rundt 800 medlemmer frå heile Noreg.
Åshild Irene Lie var med i arrangørkomiteen som frivilligkoordinator og hadde ansvar for alle dei frivillige som kom og var med før, under og etter leiren. Dei andre tre var med som leiarar for 4H Hordaland.
Det var ei veke med mykje kjekt som skjedde heile veka, mottoet for leiren var Våga du, våga me. Leiren skulle bli ein uforgløymeleg oppleving fylt med adrenalin, spenning og utfordringar. Deltakarane fekk sjanse til å prøve seg på ekstreme og mindre ekstreme aktivitetar Voss hadde og by på. Nokre aktivitetar ein kunne vera med på i løpet av veka var hoppa i fallskjerm,»»»»»»»»» vindtunnel, rafting, smalahåve-middag, fjelltur, volleyball og mykje meir!
Alle var enige om at det var ein kjekk leir og at minnebanken blei fylt på.
Åshild Irene Lie