Biletet er tatt på ein flott turlagstur i september til Dyrnes Fyr på Bømlo.
Biletet er tatt på ein flott turlagstur i september til Dyrnes Fyr på Bømlo. FOTO: Arild Wiersen

Ny rekord for Sveio turlag

Søndag 13. oktober vart haustsesongen i Sveio Turlag avslutta med ein flott rundtur til Trehovdefjellet og Leitefjellet ved Eltravåg.

Dette året har det vore arrangert i alt 26 turar i Sveio og våre nabokommunar, og oppslutninga har vore rekordstor, for andre året på rad!

Totalt har turane samla over 800 deltakarar, nesten 100 fleire enn i fjor, noko me i turlaget er veldig glad for og imponert over.

Men haustens arrangement er ikkje heilt over enno. Den 7. november er det «Kosekveld» på Kysttunet i Auklandshamn, og 26. desember vert den tradisjonsrike 2. juledagsturen rundt Golfparken arrangert med servering av gløgg.

Arild Wiersen
leiar i Sveio Turlag