Vestavind si utgåve som skulle gå ut til alle våre abonnentar onsdag 30.04.
Vestavind si utgåve som skulle gå ut til alle våre abonnentar onsdag 30.04.

Manglande avis: Førde og Valevåg

Etter fleire henvendelsar frå Førde om manglande avis måtte me sjekke opp med trykkeriet og distribusjonen vår. Då får me melding om at Valevåg og Førde ikkje fekk Vestavind forrige veke, onsdag 30.04. Me beklagar dette så mykje!

Budet frå trykkeriet seier han har levert avisene til Haugesund i staden for Stord, men avisene er ikkje å finna i Haugesund. Det ser ut som om avisene no er borte. Dette fekk me diverre ikkje beskjed om før me starta dialogen med distribusjonen i går. Trykkeriet sender dei avisene dei har ekstra for utlevering på torsdag, men det er ikkje så mange.

Me har aviser som kan hentast på Vestavind-kontoret i 2. etasje i Sveiogata 72.

Du kan også lesa avisa som e-avis her.