200 kartmapper og deltakarkort blei selde og meir enn 100 blant deltakarane har gjort seg fortente til å motta plakettar og merke.
Oppslutninga om denne idretten har vore formidabel over heile landet, slik at etterspurnaden etter plakettar og merke er blitt så stor at leverandøren slit med levera mange nok i rett tid. Dermed er det mange av årets vinnarar i Sveio som må venta på sine plakettar og merke. Sveio O-lag lovar å ta direkte kontakt med kvar enkelt når heidersteikna blir tilgjengelege.
I mellomtida kan Sveio O-lag servera enda eit nytt tilbod: Ettersom vinteren ser ut til å bli mild i år også og at me framleis lever i koronaens tid er mange truleg motiverte til å gå kortreiste turar. Sveio O-lag vil difor i år for første gong tilby ein Vinter-tour.
30 postar blir lagt ut langs stiar og vegar i to populære turområde i kommunen. Kart og deltakarkort kan kjøpast og lastast ned på nettsida www.turorientering.no.
Thomas Førde,
Sveio O-lag