aksen sveio førde
FOTO: André Mundal Haukås/Irene Flatnes HaldinBilde 1 av 3
juli 2019
Sveio sentrum. ARKIVFOTOBilde 2 av 3
desember 2020
Førde sentrum. FOTO: Irene Flatnes HaldinBilde 3 av 3

Sveio kommune inndelt i aksar

Så lenge eg kan hugsa har Sveio kommune vore ein låginntektskommune, og ein må då etter beste evne bruka inntektene som kjem inn til felles beste for alle innbyggjarane i alle bygder. Som ein kuriositet kan eg nemna at Sveio var ein av dei kommunane som sist innførte ungdomsskule i 1971. For oss som var for gamle til å gå på ungdomsskulen, vart det hybel anten på Stord eller i Haugesund, men det såg me alle fram til, kan ikkje hugsa noko negativt med det.

Ser at leiaren i Ap har eit lesarinnlegg der det er lagt opp ein plan for å dela kommunen inn i aksar, og i fyrste omgong er det nemd ein akse som er Sveio sentrum – Førde. Og denne aksen skriv Ap-leiaren skal styrkast.

Når ein skal styrka ein stad, må ein ta bort ein annan stad, og kor skal Ap då ta bort? Det er ikkje nemd kor dei andre aksane skal gå, og kva tid skal Ap fortelja innbyggjarane kor dei andre aksane er tenkt plassert? Er det då Ap sin plan og meir eller mindre leggja ned skular og byggja ned aktivitetane i dei andre bygdene, for å få pengar nok til aksen Sveio sentrum – Førde?

I Vestavind hadde ikkje Ap, FrP eller dei uavhengige noko meining om skulestruktur, meir enn at dei ville venta på administrasjonen si meining. Eg syns det er ei tafatt haldning, men signala deira kjem fram. Det er småpengar å spara på å leggja ned skular, slik som desse signaliserar at dei ynskjer.

Så har Sveio kommune eit badeland-prosjekt på gong i sentrum som krev mykje pengar, og her snakkar me om store summar. Men er det dette posisjonspartia er så desperate etter å få i gong, at dei vil leggja ned skular og rasera velfungerande bygder?

Å byggja eit slikt anlegg krev store driftskostnadar etter at det er sett opp og komen i drift. Kommunen får ein liten støtte frå staten når bygg er ferdigstilt, men fyrst må kommunen betala alt sjølv, i tillegg til alle årlege driftskostnadar.

Stord har eit badeanlegg, Haugesund har eit, og Tysvær er snart ferdig med si oppgradering av eksisterande anlegg. Alle desse anlegga fungerer glimrande der avstanden til vår kommune er veldig kort. Det må ein livleg fantasi til for å tru at det skal koma folk av betydning derfrå. Når me fyrst er inne på basseng, det sikkert fleire enn eg som hugsar då bassenget på Sveio skule var stengt grunna pengemangel til driftskostnader.

Såvidt eg har fått med meg går fleirtalet av politikarane inn for at det skal vera levande bygder i heile kommunen. Då er det veldig enkelt: Hald fram slik som i dag, for slik det er nå er det levande bygder i kommunen. Sats på alle skulane slik at folk, og spesielt ungdommane som bur her, får det forutsigbart.

Det er ekstremt viktig å satsa på born, ungdom, samt dei i etableringsfasen, og dette får ein til nettopp ved å ha skular i nærmiljøet, fordi skulebygget er også i tillegg til skule ein samlingsstad for både små og store.

Å stå å snakka varmt om å ha levande bygder kan kven som helst gjera, det betyr lite, for det er korleis ein handlar som betyr noko – oppretthald skulestrukturen slik den er i dag i kommunen, så får ein levande bygder. Bruk den lokale butikken, bruk lokale handverkarar og lokale entrepenørar, så får ein levande bygder.

Så kan ein ta litt tankespinneri åtte år fram: Etter at posisjonen i Sveio kommune har lagt ned skular og rasert bygdene våre, les ein i Vestavind at Førde skule må leggjast ned for å spara pengar. På pleieheimen les ein at dei eldre må bu to og to saman for å spara pengar. Administrasjonen opplyser også at alle kommunale utgifter som ikkje er lovpålagde, heretter vert krevd inn som eigenandel og gebyr, slik at kommunen sparar pengar.

Jon Arne Valen
Valevåg