Endeleg!

Eg har sett meg så lei av ørna som flyg forbi huset. Tre gonger har ho vore der no i det siste! «Men ho gjer jo ikkje noko gale?» seier ungane. Jo, ho ER der! Kven trur ho at ho er? Ho svevar over tomta og over vatnet med dei store vengene sine, så fri og utan bekymringar. Men no skal det bli andre boller! No skal det koma vindmøller rett i nærleiken, og det skal bli saker!

Eg har sett meg så lei av ørna som flyg forbi huset. Tre gonger har ho vore der no i det siste! «Men ho gjer jo ikkje noko gale?» seier ungane. Jo, ho ER der! Kven trur ho at ho er? Ho svevar over tomta og over vatnet med dei store vengene sine, så fri og utan bekymringar. Men no skal det bli andre boller! No skal det koma vindmøller rett i nærleiken, og det skal bli saker!

Då skal me endeleg få has på den ørna! Og alle dei andre ekle fuglane som sit og et maten ungane legg ut på fuglebrettet. No blir dei endeleg tatt av møllevengene! «Men er det ikkje fint med fuglar, da, mamma?» Nei, nei, nei, det er mykje finare å sjå på glasfiber! Biene, da? Ja, dei skal òg få problemer no! Vindmøllene likar bier òg, nemleg. Flott! Då slepp me å ha blomar i hagen, frukttre, honning og den irriterande pollineringa.

Eg som har budd på landet lenge, synest det godt kan vera enormt mykje meir lyd her. Eit jamnt og høgt svusj både dag og natt ville vera midt i blinken. Konstant lyd. Ein buset seg ikkje på landet for å ha ro og fred, heller. Eg har høyrt at tinitus er nokså kjekt, det kunne eg gjerne ha prøvd litt av. Men eg likar ikkje å bruka sirkelsag, så eg har lenge vore i tvil om korleis eg kunne skaffa meg det. No får eg endeleg sjansen!

Ein kan jo bli halvsprø av å høyra lydar ein ikkje veit opphavet til, men det kryssar eg alle fingrane for at eg slepp her. Sjølv om mange meiner det er vanskeleg å få auge på dei 199 meter høge, krittkvite vindmøllene i den friske, norske naturen, håpar eg at eg vil klara å sjå dei.

Dei er jo høgare enn ein internasjonal fotballbane, viss ein ser det slik, så eg trur det er håp om å få sjå dei. Det er nok berre å gå ut av huset, i hagen, til fiskeplassen, til vegen, til butikken, til absolutt alle turtoppane i kommunen, så ser ein dei flotte, høgreiste vindmøllene.

Men ein kan ikkje sjå dei frå Rex Garden og Ryvarden, så det er jo litt trist. Ikkje berre litt trist. Det er til å grina av. Og det er jo berre TO…

Kanskje me kan ha mange, mange fleire, og kanskje dei kan lagast litt høgare, så kan Sveio kommune skryta av landets høgaste vindmøller? Det ville vera noko å skriva heim om! Då kjem turistane strøymande til den vesle kommunen vår! Gløym Vikingland, det er vindmøller som skal definera oss!

Hurra for Sveio midt i vindmølle-leio!

Stine Prøysen