Også Sveio kommune praktiserer nedre aldersgrense på 8 år for ledsagerbevis.
ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Også Sveio kommune praktiserer nedre aldersgrense på 8 år for ledsagerbevis. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN

Lesarinnlegg: «Kvifor skal alle betale for det berre få kan bruke?»

Frå dei styrande i kommune kan ein lesa at kommunen har ein aldrande befolkning og at fleire vil trenga hjelp i alderdommen, m.a. plass på Gamleheimen, eller Omsorgssenteret som i dag er namnet ein brukar. Difor treng ein ikkje leggja til rette for fleire plasser i eldreomsorgen, eller meir personell til å ta seg av dei gamle. Dette er kommunens politikk. 2 + 2 = 3.

Stadig fleire eldre bur åleine.  Når desse vert skrøpeleg er der ingen veg utanom plass på Gamleheimen. Der det er to som bur saman tar den sprekaste seg av den skrøpelege til han eller hu er utsliten, og så havnar truleg den som var sprek først på Gamleheimen. Kva då med den skrøpelege? Heldigvis er dei gamle friske lengre, men likevel er det dei gamle som er mest sjuke.

Alle kulturer har tradisjon for å ta vare på sine eldre, og særleg kan ein sjå dette i Østen, som er begrepet me sjøfolk brukar om landa i f. eks. Asia. Dei har sanneleg ikkje mykje å rutta med, men det som slår ein, er den verdighet og respekt dei eldre blir vist. Her til lands er me eldre – som eg er ein del av – skjerma av lovverket – som tydeleg seier at kommunen har plikt til å ta seg av sine eldre. Men dette er det ikkje alle som stolar på at Sveio kommune vil gjera. Her ein dag fekk eg høyra at to pensjonistar nett hadde kjøpt seg husvære i ein nabokommune og det var på grunn av dette. Eg kjenner nå til at dei ikkje er åleine i så måte.

Litt skryt skal kommunen ha – Heimesjukepleien virkar framifrå og ein kan stola på dei – slik me har erfart –  men det er ikkje alle som kan bu heime. Eg har gitt dei blomar før og gjer det igjen – i form av ord. Men dette kostar – her kjører velkvalifisert personell fleirfoldige kilometer for å ta seg av ein passient – kanskje berre i 5 -6 minuttar – og så vidare til neste i vår grissgrende kommune. Det vert stadig løyvd meir og meir penger til sosialbudsjettet, men det vert ikkje meir «varme hender» og det er det ein treng – hender til å ta seg av dei som ikkje klarar seg sjøl. Det bør ikkje vera nedverdigande å bli gammal.

Så i den andre enden – barna våre – ingen er meir skjerma av lovverket enn dei – til og med før dei er komen ut i dagslys. Mora går til kontroll, så er det spebarnskontroll, vaksinering, barnehage, små- og videregåande skule o.s.v. til dei er myndige. Når det gjeld smårollingane våre så har dei det sikkert tryggast i sitt eige nærmiljø. Dei fleste er nok einige i dette, men det er dårleg sentrumspolitikk i dagens Sveio. I kommunen er det mange ledige barnehageplassar, har dei som kjenner til dette opplyst, så difor må kommunen byggja ny barnehage i Sveio sentrum. 2 + 2 = 3. Kan det bli meir meiningslaust?

Og nå er høgare makter trekt inn i sentrumspolitikken. «Frå fjord og fjære» for 2022 kan ein lesa: «Etter skoletid» for 3. og 4. klassingar. Desse vert nå invitert til soknehuset med bibelfortellingar, song, fellesskap og mat for barna i Sveio sentrum. Det vart for krevjande og ta med dei i utkantane – . Ja, det er ei møya med desse utkantane.

Dei styrande som set ved roret – eller alle dei midt på træ kan ein seia. For dei er det ingen lover – så vidt eg veit – når det gjeld alder.

Dei kan ta seg ein tur til Dagsturhytta eller Golfbanen. Etter nokre rundar og leita etter denne ballen kan dei ta seg ein kopp kaffi på Golfhotellet – som er planlagt – eller ein konjakk frå det nya polet i Sveio – og vandra vidare til Badehallen og kjøla seg av – det blir nok for langt til Haugesund.

Badeanlegget er ennå ikkje bygd, men sentrumspolitikkarane ivrar for å få fortgang i arbeidet med anlegget, få spaden i jorda. Dette for at det nye kommunestyret ikkje seinare kan rota det til, det høyrest ut som dei har panikk. Her må me berre håpa og tru att me får valgt inn folk som kan rota, ja, rota skikkeleg, kulegrava heile sentrumspolitikken. Kvifor skal alle betale for det berre få kan bruke? Sentrumspolitikkarane vil og ein gong bli gamle. Når Tysvær – med sin oljesmurte økonomi – strevar med anlegget sitt, skulle ein tru at Sveio, som er ein fattig industrilaus kommune, ville skjøna alvoret i dette. Ein ting er å byggja, ein heilt annen ting er det å drifta eit slikt anlegg. Kva skal me med det? Me har anlegg i Sveio skule kor me kan læra barna våre å symja, og det er godt egna til formålet har eg høyrt, og etter lova. Me treng ikkje ein ny leikeplass – for vår aldrande befolkning.

Sveio er ein bukommune, seier dei styrande – det skal vera ein god kommune å bu i. Korleis kan det då ha seg at dei ungdommane som bygde seg ein heim på Rophus – som nå er blitt halvgamle – enno ikkje har fått seg teneleg veg til bustaden der dei bur? Ein treng ikkje teneleg veg der ein bur. 2 + 2 = 3. Det er jo flaut.

Filial for Sveio omsorgssenter i Førde –  dei omsorgsbustadane i Førde som er kopla saman kan brukast til dette utan for mykje kostnad. Eg tenkjer her på plasser for korttids – og avlastningspassienter og dei som ikkje er direkte pleietrengjande. Her kan dei ta imot utskrivne passienter frå sjukehuset – det kostar tross alt over 5000 kroner dagen for kommunen dersom dei ikkje vert utskriven. Omsorgssenteret klarar nok å administrere dette – kanskje får ein utnytta heimesjukepleien bedre – og bruk av frivillige kjem ein ikkje utanom i framtida. Kvifor ikkje prøva nå, i dag? Nokre fleire bustader lyt ein byggja, men ein ny filial for SOS i Førde blir det nå ikkje.

Arne Aage Valen

Valevåg