Matpause ved sjøhuset.  Alf Edvin Hovda, Mikal Møller Hovda, Asbjørn Bua, Sigve Hovda og Per Andreas Gaard tar ein velfortent pause.
Matpause ved sjøhuset. Alf Edvin Hovda, Mikal Møller Hovda, Asbjørn Bua, Sigve Hovda og Per Andreas Gaard tar ein velfortent pause. FOTO: PrivatBilde 1 av 4
Arbeidet inni møterommet blir studert og vurdert.
Arbeidet inni møterommet blir studert og vurdert. FOTO: PrivatBilde 2 av 4
Inni sjøhuset, Sigve Hovda og Per Andreas Gaard.
Inni sjøhuset, Sigve Hovda og Per Andreas Gaard.Bilde 3 av 4
Matpause ved sjøhuset. Alf Edvin Hovda, Mikal Møller Hovda, Asbjørn Bua, Sigve Hovda og Per Andreas Gaard tar ein velfortent pause.
Matpause ved sjøhuset. Alf Edvin Hovda, Mikal Møller Hovda, Asbjørn Bua, Sigve Hovda og Per Andreas Gaard tar ein velfortent pause. FOTO: PrivatBilde 4 av 4

Dugnadsånda er ikkje død

Så langt har omlag 35 personar frå 25 til godt over 70 år vore med på dugnad, og det er utført over 100 timar med arbeid for fellesskapet. Folk har vore positive til å vera med og gjera ein innsats for lokalmiljøet på Bua.

Jimmy Næs framfører Ingvar Moe-tekstar.

Så snart onsdagskaféen var slutt i juli, gjekk medlemmer i Sveio Gullforening i gong med å setja opp kjøken i sjøhuset i Buavåg. Asbjørn Bua leia arbeidet, og han hadde med seg mange dyktige arbeidsfolk. Det blir meldt om god og positiv stemning under heile arbeidet. Måndag 24. august var rydde- og vaskegjengen på plass. Alt måtte vera klart til Jimmy Næs og  Ingvar Moe-kvelden som gjekk av stabelen laurdag 29. august i regi av Kystsogevekene.

Og då september kom, var mange bygdafolk i gong med å førebu innreiing av møterom i skulehuset. Her var det husstyret for skulehuset som hadde ansvar. Grovkjellaren som har vore brukt til lager sidan skulen blei påbygd i 1997, skal delast av og brukast til møterom og lager. Kommunestyret i Sveio løyvde pengar til dette arbeidet på siste møte i 2019. Dermed kan organisasjonane igjen få ha sitt eige rom og sleppa å setja opp bord og stolar – og ta dei vekk etter kvart møte.

I løpet av dei siste vekene har det vore fleire små og større dugnader, riving, rydding, tilretteleggjing for støyping, avtale med byggjefirma, leggjing av varmekablar m.m.

Laurdag 19. september møtte åtte sterke menn opp for å støypa golv i møterommet. To kvinnelege bygdefolk kom med mat og kaffi. Arbeidet gjekk unna i ein fei, og det blei god tid til matpause i det fine haustvêret. Nå skal snart snikrar overta arbeidet med paneling av tak og vegger.

Astrid Hovda