Eit knippe frå Haugesund og Sveio skyttarlag på ungdomsstemne. F.v. Sander Tveitastøl, Alexander Reinfjord, Sander Fornes, Andreas Reinfjord, Rune Valen, Marius Tronstad, Kristian Olsen Lie og Lasse Holm.
Eit knippe frå Haugesund og Sveio skyttarlag på ungdomsstemne. F.v. Sander Tveitastøl, Alexander Reinfjord, Sander Fornes, Andreas Reinfjord, Rune Valen, Marius Tronstad, Kristian Olsen Lie og Lasse Holm. FOTO: PrivatBilde 1 av 7
Ein må vera konsentrert før ein trykker på avtrekkaren. Resultatet ser ein på skjermen ved sidan av seg.
Ein må vera konsentrert før ein trykker på avtrekkaren. Resultatet ser ein på skjermen ved sidan av seg. FOTO: PrivatBilde 2 av 7
Litt teori må også til på skyteskulen.
Litt teori må også til på skyteskulen. FOTO: PrivatBilde 3 av 7
Barn og unge på skyteskulen, som er anbefalt frå 10 år og oppover.
Barn og unge på skyteskulen, som er anbefalt frå 10 år og oppover. FOTO: PrivatBilde 4 av 7
Brørne Peter Sørli og Daniel Sørli var med på skyttarsamlagskurs på skytebana på Kalland.
Brørne Peter Sørli og Daniel Sørli var med på skyttarsamlagskurs på skytebana på Kalland. FOTO: PrivatBilde 5 av 7
Brørne i Team Sørli er ei god inspirasjonskjelde for unge skyttarar.
Brørne i Team Sørli er ei god inspirasjonskjelde for unge skyttarar. FOTO: PrivatBilde 6 av 7
Rune Valen smiler fint – har han fått eit godt resultat?
Rune Valen smiler fint – har han fått eit godt resultat? FOTO: PrivatBilde 7 av 7

God aktivitet i skyttarlaget

Laurdag 26. september var ein gjeng ungdommar frå laget på ungdomsstemne på Stord. Det blei mykje god skyting av våre ungdommar. Rune Valen fekk personleg rekord med 349 av 350 moglege poeng. Dagen blei brukt til skyting og eting av pizza, alle fikk premie. Dette var i regi av Sunnhordland skyttarsamlag.

Me har starta opp med skyteskule. Der går me gjennom det grunleggjande og viktigaste med skyting. Me har 16 ungdommar som skal gjennomføra skyteskule i oktober og november, dei er frå Sveio, Haugesund og Karmøy.

Helga 3. og 4. oktober arrangerte Sunnhordland skyttarsamlagskurs med Team Sørli på Kalland. Me i skyttarlaget hadde to ungdommar som tok del i dette, Kristian Olsen Lie og Rune Valen. Team Sørli består av brødrene Daniel Sørli, Peter Sørli og Håkon Sørli. Daniel er tidlegare skyttarkonge og skyttarprins. Brørne er gode forbilde for ungdommane, det var mykje god læring og mange skot gjekk av også denne helga.

Sølvi Johanne Olsen Lie
ungdomsleiar i Haugesund og Sveio skyttarlag