Stian Jean Opedal Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.
Stian Jean Opedal Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.

Det blir bra. Også i frivilligheita

Meir aktivitet, fleire frivillige, nye medlemer og rom for alle. Dette må vere måla for frivilligheita etter pandemien. Men det er utfordringar framover.

Snart startar gjenreisinga av frivillig sektor, etter snart eitt år med restriksjonar og avlyste treningar, øvingskveldar og arrangement. Korleis blir frivilligheita etter koronaen? Truleg annleis enn før. Forhåpentlegvis endå betre.

Vestland fylkeskommune gjennomførte i desember 2020 ei spørjeundersøking blant regionale frivillige organisasjonar i Vestland. Som venta, melder organisasjonane om at koronapandemien er svært utfordrande. Samtidig svarar over halvparten at dei trur det blir enkelt eller svært enkelt å gå tilbake til normalsituasjon etter pandemien. Mange har trua, og det er oppløftande. Samtidig svarar 44 prosent at dei trur det blir utfordrande. Medlemsnedgang, økonomiske utfordringar og færre frivillige kan truge organisasjonslivet vårt.

Mange organisasjonar svarte at rekruttering av medlemer generelt, og til verv spesielt, er utfordrande. Nesten like mange meiner at inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar er utfordrande. Dette må organisasjonane og det offentlege ta tak i.

Statistikkane viser også at innvandrarar er underrepresenterte i frivilligheita. Innvandrarar, kvinner og ungdom er underrepresenterte i styring og leiing av frivillig sektor. Dårleg privatøkonomi hindrar ein del i å delta, og menneske med nedsett funksjonsevne opplever utfordringar med å delta i aktivitetar og frivillig arbeid. Frivilligheita har ein veg å gå for å inkludere alle, og for å forhindre rasisme og utanforskap.

Torsdag 18. februar inviterer Vestland fylkeskommune og Frivillighet Norge til digital frivilligkonferanse med nettopp emna rekruttering, inkludering og gjenreisinga etter koronakrisa. Fylkeskommunen vil løfte og styrke frivillig sektor. Vi vil styrke kontakten mellom frivilligheita og det offentlege, og jobbe for at kommunane og fylkeskommunen får ein god og tydeleg politikk for frivillig sektor.

Nordisk ministerråd gav i 2020 ut rapporten Frivilligarbete i Norden – sammanhållning i en ny tid. Denne viser at dei nordiske landa er på topp i Europa i frivillig arbeid. Den nordiske modellen for frivillig arbeid handlar ofte om fritidstilbod, og skil seg frå mange andre land, der frivilligheita ofte er altruistisk. Frivilligheita i Norge skapar medansvar, deltaking og tillit, noko som er heilt grunnleggande for å få eit sunt samfunn. Frivilligheita er heilt avgjerande for inkludering og integrering.

Frivilligheita i Vestland er stor og mangfaldig, og fremjar deltaking, engasjement, inkludering, folkehelse, lokalsamfunnsutvikling, velferd og demokrati. Du har garantert sett orda «Det blir bra» med ein regnboge over. Frivilligheita i Vestland må ta mål av seg å bli «endå betre». Kan vi klare å få med fleire av dei som ikkje er med i dag? Kan dei som ikkje har deltatt tidlegare på grunn av helse, funksjonshemming, økonomi eller kulturbakgrunn bli dei nye frivillige, dei nye medlemene og dei som tar fleire av tillitsverva? Vi har alt å vinne på dette. Det hadde vore bra!

Stian Jean Opedal Davies
leiar, hovudutval for kultur, idrett og integrering
Vestland fylkeskommune