Mine politiske draumar er verken vinmonopol eller det flottaste badeanlegget i regionen. Eg ynskjer at barn og unge skal få driva med det dei interessera seg for, skriv Jarle Jacobsen.
Mine politiske draumar er verken vinmonopol eller det flottaste badeanlegget i regionen. Eg ynskjer at barn og unge skal få driva med det dei interessera seg for, skriv Jarle Jacobsen. FOTO: Privat

«KrF seier ja til Fjord Motorpark»

Sveio KrF vil jobba hardt å få Fjord Motorpark til å etablera seg i Sveio. Eit slik anlegg vil gi både arbeidsplassar, helse, glede og masse spennande aktivitet. Kvar i kommunen dette anlegget til slutt blir etablert skal me sjølvsagt ikkje konkludera på nå, men eg kan garantera at me ikkje skal leggja det midt i sentrum. Lokasjonen må sjølvsagt bli der det ikkje er til sjenanse for naboane.

Mine politiske draumar er verken vinmonopol eller det flottaste badeanlegget i regionen. Eg ynskjer at barn og unge skal få driva med det dei interessera seg for. Mange ungdommar og vaksne i Sveio har bil og MC som hobby, og ein ny asfaltbane bygd etter dagens standard er eg overtydd om at vil bli godt motteken. Dagens tullekøyring i sentrum på bakhjulet eller utan lyddemping trur eg vil forsvinna heilt når me får eit egen anlegg der det blir lov å prøva grensene i kontrollerte former.

Ein dag håpar eg å kunna køyra rundt på Fjord Motorpark med min gule Ducati utan å måtta tenka på humpar, kular eller motgåande trafikk!

Jarle Jacobsen 
Ordførarkandidat Sveio KrF