I forelesinga vil Vigdis Alte snakka om historia til Sjømannskyrkja frå starten i 1864 til i dag.
I forelesinga vil Vigdis Alte snakka om historia til Sjømannskyrkja frå starten i 1864 til i dag. FOTO: Privat

Foredrag om Sjømannskyrkja i Sveio Senioruniversitet

Måndag 20. november kjem teamleiar i Sjømannskyrkja, Vigdis Alte, til Senioruniversitetet med forelesinga «Sjømannskirken, mer enn vafler».

Vigdis Alte har arbeidd i Sjømannskyrkja i 18 år. Ho starta med eitt år ved kyrkja i Costa del Sol og arbeidde i vel fire år i New York. Etter nokre år i personalavdelinga blei ho for seks år sidan tilsett som teamleiar i noregsarbeidet.

Sjømannskyrkja er ein sjølvstendig og frivillig organisasjon i utlandet. Arbeidet går ut på å skapa sosiale, kulturelle og kyrkjelege møtestader der folk er. Kyrkja finst på alle kontinent, på norsk kontinentalsokkel og har spesialkompetanse på kriseberedskap.

I forelesinga vil Alte snakka om historia til Sjømannskyrkja, ei lang og innhaldsrik historie som starta i 1864. Ho kjem til å leggja særskild vekt på kyrkja si betydning under den andre verdskrigen, der særleg Sjømannskyrkja i Hamburg fekk mykje å seia for mange nordmenn. I slutten av foredraget vil ho snakka om Sjømannskyrkja i dag.

Vel møtt i auditoriet på Vigdartun måndag til ei interessant forelesning om ein institusjon mange på våre kantar har eit nært forhold til.

Sjå elles annonse i papiravisa.

Kjell Gunnar Nymark,
leiar Sveio Senioruniversitet