Olga Schmall  og Aslaug Svendsbø og trefte mange kjente frå Valestrand-krinsen og gjensynsgleda var stor.
Olga Schmall og Aslaug Svendsbø og trefte mange kjente frå Valestrand-krinsen og gjensynsgleda var stor. FOTO: Privat

Julehelsing til eldre

Representantar frå Valestrand Kvinne- og Familielag (Husmorlaget) gjekk rundt til bebuarar på Sveio Omsorgsenter (SOS) med juleblom og julekort torsdag 30. november.

Dette er ein årviss tradisjon. Aslaug Svendsbø og Olga Schmall trefte mange kjente frå Valestrand-krinsen og gjensynsgleda var stor. Dei hadde fått med seg ein politikar og, leiaren i hovudutval for helse- og omsorg.

Helst ville dei hatt med ordføraren, men han var oppteken med anna oppdrag. Dei 9 ibuarane frå Valestrand, som for tida bur på SOS, sette pris på julehelsing heimanfrå. Dei var svært nøgde med den pleie og omsorg dei nyt godt av frå helsearbeidarane på sjukeheimen.

Arne Valen