Arne Valen (Sp) spør om medverknad.
Arne Valen (Sp) spør om medverknad. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Kan ny E39 bli to- og trefeltsveg?»

Den store snakkisen denne hausten er korleis den framtidige E39 mellom Bokn og Bømlafjorden blir. Informasjonsmøta i kommunane har dreidd seg om planlegging av alternative korridorar for firfelt motorveg. Ibuarane er invitert til å gi innspel. Grendelag, velforeiningar, bondelag, næringsverksemder og jeger- og fiskelag har samlast for å skrive ned argument for traséval som råkar minst mogleg hus, landbruk og natur. Alt med fokus på firfelt motorveg.

Har ein ikkje fått med seg at regjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i haust opnar for meir gjenbruk og bygging av fleire to- og trefeltsvegar (Pressemelding nr 84/23)? Prosjektleiaren for«E39 Bokn – Bømlafjorden»  kunne vore mykje tydelegare med å kommunisere i informasjonsmøta at dei er forplikta til å levere løysing på alternativ vegstandard to- og trefeltsveg og. Det blei berre sagt i ein parentes.

Regjeringa har godkjent Statens vegvesen sitt forslag til endringar i vegnormalane. Eg undrast difor kvifor prosjektleiinga i Vegvesenet verkar vere motvillige til føringa frå Samferdsledepartementet i «E39 Bokn – Bømlafjorden»-prosjektet.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier at dei nye endringane kan føre til reduserte kostnader og mindre utslepp av klimagassar og arealbruk. Den nye vegnormalen opnar for å byggje to-trefeltsveg med midtdelar på vegar opp til ÅDT (årsdøgntrafikk) 15.000 med 90 km/t fart. I 2022 var ÅDT 6.000 i Sveio. Effektiv trafikkavvikling vil bli ivareteke med nedskalering av vegstandard. Viss ein bygger to- og trefeltsveg med toplankryss, vil sveibuen få betre tilkomst til vegen enn firfeltalternativet.

Arne Valen
Kommunestyrerepresentant Sp