Eg vil gå langt å ytra at folkeviljen skal vere bindane i høve planlegging av ny E39, skriv Dagfinn Bjørge.
Eg vil gå langt å ytra at folkeviljen skal vere bindane i høve planlegging av ny E39, skriv Dagfinn Bjørge. FOTO: Kari Nilsdatter Haukås (arkiv)

«Ny E39: Krav om tunnel og varsame inngrep i landskapet»

Denne nye planlagte vegen er eit stort vegprosjekt som vil kunna få store konsekvenser for mange. Eg skal ikkje utdjupa meg i høve, om det er trong for vegen eller ikkje. Det er estimert formidabel auke i trafikken om ein del år. Om tala slår til veit me ikkje. Det er også hevda at slike vegar skal byggjast rimelegast mogleg. Les; det inneber at mest mogleg veg skal byggjast i ope lende.

Med eit slikt feil utgangspunkt vil ein ikkje ta omsyn til lokalfolket i høve deira busetnad og bulyst.
Her stoppar det totalt for meg. Eg vil ytra det slik; Skal samfunnsinteresser som er definert som gigantvegar gå på bekostning av innbyggjarane våre?

Er ikkje busetnad og bulyst av stor samfunnsinteresse?
Kvifor blir ikkje desse mjuke interessene vektlagt meir i samband med slike gigantprosjekt?
Kvifor blir det framlagt to traséval?
Er det von frå SVV, at innbyggjarane vil då velgja pest i staden for kolera, eller motsett i høve desse to traséane?

Etter mitt skjønn burde tunnelalternativ vore sjølvsagt gjennom Førde og frå Vihovda til tunnellpåslaget til Bømlafjorden. Om kostnadene blir noko høgare med tunnel, burde det vore heilt underordna i eit så stort inngrep som ny veg vil føra med seg. Etterslekta skal ikkje måtte leva med at ein ikkje tok omsyn til miljøet og bygdene våre. Det er dei ikkje verdt.

Ein talar om at denne vegen er den siste vegen ein kjem til å byggja, mellom anna gjennom kommunen vår. Å planlegge i framtida er kanskje fornuftig, men då må det vere klare føresetnader å byggje veg, at den må byggjast så skånsom som mogleg.

Eg tenkjer endå på eksisterande E39 som kløyvde Førdesbygda i to. Denne eksisterande vegen får stå som eit grelt minne, som viste totalt mangel på god planlegging. Ein må for all del ikkje gjere same skaden med endå ein veg som vil dele bygda ein gong til. Det vil vere svært øydeleggjande for Førde og utvikling av denne flotte bygda.

Eg har også registrert at den nye 4-feltsvegen frå Os mot Bergen, som er 17 km lang, av denne lengda går 14 km i tunnel! Då skurra det for meg, kvifor blei ikkje tunnelalternativ planlagt gjennom mellom anna Førde?

Ved bygging av veg i ope landskap, vil det også føre til meir støy, der ein må setje opp lydvegg, viltgjerder, undergangar, miljøtunnelar med meir.

Mi oppmoding til dei styrande: ta innspel som er kome frå bygdafolk, bygdalag og andre. Eg vil sei det så sterkt; Noko anna enn tunnelløysingar er uaktuelt. Eg vil også minne om at folket som bur i Sveio skal bli høyrte, det er tross deira ve og vel som gjeld.

Eg er glad for at formannskapet hadde ein god diskusjon i møtet sitt, der det frå administrasjonen, med tilleggspunkt eit godt vedtak i høve høyringsfråsegna. Det er kommunestyret som gjev endeleg vedtak i møte den 11. desember

Vidare vil eg oppmode om å sende inn innspel i høve høyringa som SVV har bede om for dei som ikkje har gjort det alt. Det å vise stor motstand no i denne fasen, er særs viktig. Kampen om vegtrasé er nett starta. SVV har høyringsfrist til den 11. desember.

Eg vil avslutta med desse orda; Lokaldemokratiet er særs viktig, då skal folket bli høyrt. Frå min ståstad og utruleg mange andre ,vil eg gå langt å ytra, at folkeviljen skal vere bindane i høve planlegging av ny E39.

Dagfinn Fagerland Bjørge
Auklandshamn