Korleis denne persontransporten skal foregå på eit sikkert og karbon-nøytralt vis bør dei ansvarlege ha eit ope forhold til. Motorveg er slett ikkje den beste løysinga, skriv Brigt Ottar Valen. Dronefoto.
Korleis denne persontransporten skal foregå på eit sikkert og karbon-nøytralt vis bør dei ansvarlege ha eit ope forhold til. Motorveg er slett ikkje den beste løysinga, skriv Brigt Ottar Valen. Dronefoto. FOTO: Irene Flatnes Haldin

«Neste stopp Førde stasjon. Avstiging på høgre side»

No er det Sunnhordland og Nord-Rogaland sin tur til å få oppgradert vår del av E39. Styresmaktene tar godt i som me seier, og planlegg 4-felts autostrada. Her skal det gå unna. Ja, kvifor ikkje, spør dei som ferdast mellom dei to største byane på Vestlandet. Med 2 timar køyring vil mykje av den persontrafikken som går med fly mellom Stavanger og Bergen, kome over på veg. Eit godt argument, faktisk.

Det styresmaktene / Statens vegvesen (SVV) heller skulle planleggje ut ifrå, er at det det heile dreier seg om som er å forflytte x antal tusen personar mellom Stavanger og Bergen over ein dag. Folk som skal rekke jobb, reiser, møter, helsetjenester etc.. KORLEIS denne persontransporten skal foregå på eit sikkert og karbon-nøytralt vis bør dei ansvarlege ha eit ope forhold til. Motorveg er slett ikkje den beste løysinga.

Andre land som me kan samanlikne oss med, vel jernbane. Ytre del av Sør-Vestlandet mellom Bergen og Stavanger er ikkje så mykje meir kupert og vanskeleg enn andre land der jernbane er hovudtransportåra. Kan bilar bruke 2 timar mellom desse byane, vil eit snøggtog klare reisa på under halvannan time. Då kunne jamvel Haugesund kople seg på. Ein vinn-vinn situasjon.

Eit elektrisk drive snøggtog der energien kjem frå vasskraft og vind, er grønare enn det meste. Regionflya er parkert, og kråka og hegren kan ha lufta for seg sjølv.

Ein dobbelspora jernbane vil óg ta unna store mengde med godstransport over denne strekninga. Med det får ein òg vesentleg redusert dei daglege kolonnene med dieseldrevne trailarar på E39, er og mykje av grunnlaget for denne tenkte trafikkauken (og motorvegen) òg borte.

Men diverre ser ikkje våre folkevalde det STORE bilete, og det blokkerer for all framsynt tankegang. Dei tek avgjersler på sviktande grunnlag. Avgjersler som vil få alvorlege konsekvenser for framtida.

Min farfar var i si tid med å på å byggje Bergensbanen. Dette var på 1800-talet, og landet vårt var lutfattig. Men dei som i si tid vedtok dette kjempeprosjektet og andre store utbyggingar, var kloke og framsynte. Ikkje hadde dei noko oljefond eller svulstige statsbudsjett å ta ut pengar frå heller. Men å byggje landet vårt kunne dei. Dette er absolutt noko å strekkje seg etter for våre leiarar, tykkjer no eg.

Men det er ikkje for seint å snu. «If there is a will, there is a way» heiter eit kjent ordtak. Er viljen der? Eller er det store pressgrupper som entrepenørar, biltransportørar, og bilindustrien som kjem til å leggje si klamme hand over våre folkevalde nok ein gong.

Til slutt vil eg oppmoda valestrendingar, førdesbu, sveibu og andre til også i fortsettinga å påverke styremaktene. Det er politikarane som har det siste ordet. Ikkje SVV, sjølv om dei fremstillar det slik.

Kva helst Førde stasjon skal liggje, blir me nok einige om.

Ha ei god jul alle.

Brigt Ottar Valen
Tittelsnes