Aldri før har så mange deltatt på julekonserten, og heile 324 personar var til stades denne kvelden. Den vart leia av konfransier Laila Vikse Lie, som losa oss inn i julestemning mellom mange flotte, musikalske innslag frå gode lokale krefter frå Sveio, Auklandshamn og Valestrand.
Under leiing av dirigent Trygve A. Tvedt stilte Eikeland og Valestrand musikkorps med omlag tjue musikantar. Det er mange år sidan sist me hadde eit så stort korps. Frelsesarmeen stilte med representantar frå Ukraina. Solist Natalia Antonova rørte salen med ei kraftfull framføring av «O helga natt». Me treng å reflektera over verdssituasjonen, og representantane gav oss ei viktig påminning om at me lever i ei usikker tid.
Tord Nappen med vener presenterte to klassiske julesongar, med godt trøkk, som publikum kjende seg att i. Frå Auklandshamn medverka Anette Storstein som song solo og spelte flygel, og Jarle Jacobsen følgde opp med eige band og solist Carina Pedersen.
Ordførar Andre Mundal Haukås delte ord og tankar med oss i førjulstida, og påpeika kor viktig det er å gi kvarandre tid og merksemd. Som på tidlegare konsertar song Silje Hetlesæter og spelte flygel. Ho spelte og kyrkjeorgel under Deilig er jorden.
Frå Sveio stilte Inger Lovise og John Anders Semb. Dei hadde òg fokus på kor viktig det er å ha tid og omtanke for kvarandre gjennom sine musikalske innslag.
Konserten vart tradisjonen tru avslutta med Valestrand Mannskor som stilte med tjue engasjerte, songglade menn. Koret framførte fleire kjende julesongar, og hadde i tillegg ein ny, flott song der pianist Ane Agdestein song solo og fortrylla publikum med magiske tonar på tverrfløyte.
Til slutt nærast letta taket seg i Valestrand kulturkyrkje då alle song Deilig er jorden, slik det pleiar gjera på julekonserten.
Me i arrangementskomiteen vil takka alle som var med og gjorde konserten mogleg. Espen Fosse med god hjelp frå Endre Hetlesæter gjorde ein formidabel jobb på det lydtekniske. Takk til alle som deltok på konserten og gjorde den til ei minneverdig oppleving.
På vegner av Frelsesarmeen Haugesund takkar arrangementskomiteen for innkomne bidrag ved utgangen og på vipps. Det kom inn 5.650 kroner kontant og 13.850 kroner på Vipps, til saman 19.500 kroner.
For arrangementskomiteen
Anne Lise Økland