Midt oppe i skuffelsen varma det utruleg at fleire stod opp og talte vår sak med så stor kraft, skriv Ole Andreas Våge.
Midt oppe i skuffelsen varma det utruleg at fleire stod opp og talte vår sak med så stor kraft, skriv Ole Andreas Våge. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Nå er Fylkesveg 541 setla, kanskje»

Sveio, dagen derpå.

I dag er det tysdag 12. desember. Det er dagen derpå for oss som har kjempa for endringar i planane for ny fylkesveg frå Grimstveit til Krossleite. Sjølv om saka har vore til handsaming i kommunestyret mange gonger, var dette kanskje siste gongen? Kanskje.

Hensikta med desse få orda, er ikkje å ta opp igjen kampen allereie i dag. Det er å takke dei som støtta oss i kommunestryremøtet i går. Midt oppe i skuffelsen varma det utruleg at fleire stod opp og talte vår sak med så stor kraft. Takk til Asle Halleraker, Vibeke Enerstvedt og Jon Anders Semb. Det var ei oppleving! Takk til dykk som reiste dykk i møtet, frå Tverpolitisk Fellesliste, Framstegspartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Arbeidarpartiet og Industri- og næringspartiet. Det overskygga litt av skuffelsen etter nedlaget. Takk!

Ein sak har plaga meg i dag: Kor var dykk i Senterpartiet når grunnfjellet dykkar trengte dykk som mest? De satt heilt musestille. Var det hestehandel? Eg våger meg med eit tips: De overlever ikkje politisk med sånn tenkning. Feigt, spør du meg!

Ole Andreas Våge