Senterpartiet svarar på kritikken i dette lesarinnlegget.
Senterpartiet svarar på kritikken i dette lesarinnlegget. FOTO: Einar Vestvik (arkiv)

«Ein brysam veg»

Vegen er brysam for alle som dagleg køyrer på vegen til og frå sitt arbeid, brysam for yrkessjåførane som køyrer vogntoga med fisk til og frå Bømlo, brysam for alle som bur langs vegen og for borna som syklar eller går langs ein trafikkfarleg veg. Vi snakkar om Tjernagelvegen, Fylkesveg 541.

Arbeidet med utbetring av vegen starta i 2015 med eit forprosjekt. Det blei meld planoppstart i 2017, fyrstegongshøyring i 2017, andregongshøyring i 2021. Planen blei sendt over til Sveio kommune for endeleg vedtak i november 2021. Den blei teken opp i kommunestyret 17.04.23.

Ein av dei viktigaste grunnene til at saka står der ho er no, slik vi ser det, er at grunneigarane ikkje blei teke med tidleg i prosessen. Konfliktnivået steig. Alle vil ha betre veg, men ingen vil avstå grunn. Så har rådmannen forsøkt å komme dei i møte med å anbefale ny planprosess med endring av gjeldande planprosess.

Vegen er heilt avgjerande for utvikling av Bua, Auklandshamn og resten av Sveio vest. Trafikken aukar og kraftig grunna vekst i fiskeindustriverksemda på Langevåg i Bømlo kommune. Det er på høg tid å få utbetring av fylkesvegen. Uansett kva utbetringar som vert gjort, vil det råka nokon. Fylkesordførar Jon Askeland frå Senterpartiet sa tydeleg under sitt besøk i Sveio i sommar at Sveio snarast råd må klargjere reguleringa av Fylkesveg 541.

Viss ein skulle vente på ein heilt ny planprosess, medan trafikken rundt novene mangedoblast, vil det gå mange år før utbetring skjer. Vestland fylkeskommune, som eig vegen, kjem med sterk åtvaring i sitt svarbrev 12.10.2023 på spørsmål frå Sveio kommune om å endra planarbeidet til nye veglinjer som tidlegare har vore sila vekk etter vurdering av landskapsbilde, naturmangfald og naturressursar. Fylkeskommunen seier at det er sannsynleg at prosjektet ikkje blir prioritert i Regional Transportplan 2023-2027 om Sveio vedtar å starte planarbeidet på nytt. Dette blei omtala som «tomme truslar» av politikarar i kommunestyret 11. desember. Senterpartigruppa i kommunestyret meiner dette er respektlaus omtale av Vestland fylke som vegmyndigheit.

Senterpartiet tek ansvar for å sikre ein forsvarleg infrastruktur i Sveio. Difor røysta vi for Detaljregulering for Fv. 541 Krossleite – Grimstvedt». Formålet med planen er å betre trafikktryggleiken for alle trafikkantar langs fylkesvegen mellom Krossleite og Grimstvedt. Vegen er svært smal og har uheldig kurvatur og linjeføring. I denne saka prioriterer Senterpartiet trafikktryggleik for dei mange, trass i at ein råkar dyrka mark til 7 landbrukseigedomar. Det er med tungt hjarte vi gjer det.

Senterpartigruppa
Sveio Kommunestyre 2023-2027