John Anders Semb (t.v.) og Asle G. Halleraker på siste kommunestyremøte.
John Anders Semb (t.v.) og Asle G. Halleraker på siste kommunestyremøte. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Er Sveio Sp blitt ein del av Sveio Høgre, og finst det ein veg vidare?»

Det var mange som heva augnebryna då ingen frå Senterpartiet tok ordet i saka om Tjernagelvegen under sist kommunestyremøte. Her hadde partiet ein gyllen sjanse til å stå opp for sitt eige DNA, åtte grunneigarar sine interesser, bønder sine rettar, hindre frådeling av jordbruksland, kjempe mot varsla ekspropriasjon av privat eigedom og dyrka mark. I tillegg hadde partiet ein alle tiders sjanse til å kjempe for den lokale sjølvråderetten som dei ofte trekk fram, og som eit kommunestyre skal verne om og forvalte.

Nei. Det var heilt tyst. Sjølv ikkje den mest ivrige debattanten frå Sp tok ordet. Sjølv ikkje dei som ofte stiller seg på mindretalet si side, og på den svakaste parten si side, tok ordet. Ingen frå Sp tok ordet. Det var heilt tyst. Kor blei DNA – et til Senterpartiet av? Dei er ikkje til å kjenne igjen i denne saka. Vil dei vere like usynleg og ein del av Sveio Høgre dei neste fire åra? Det vil tida vise.

Det var Sveio Høgre som køyrde saka for Senterpartiet og Høgre sin del. Sveio Høgre kjempa for veg, og at konsekvensane frå trugsmåla til byråkratar i Fylkeskommunen skulle få fleirtalet i Sveio kommunestyre til å knele. Trugsmål om at både ressursar til plankonsulent og finansiering skulle forsvinne, dersom me ikkje gjorde slik dei ville me skulle gjere, og at me skulle stå her om fem år utan noko resultat. Er det slik me skal ha det? Er det slik ein skal styre ein lokal planprosess? Kor blei kampviljen av i høve det me samrøystes blei einige om i april 2023?

Vern av lokaldemokratiet og den lokale sjølvråderetten.

Me i Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) vil verne om lokaldemokratiet og den lokale sjølvråderetten. Me vil ikkje la oss styre av byråkratar frå fylkeskommunen. Det er berre om lag åtte månadar sidan eit samrøystes kommunestyret stilte seg bak eit felles framlegg til vedtak som var tufta på sunn fornuft, lokal medverknad frå grunneigarar langs vegen, innspel frå rådmannen og reindyrka lokal sjølvråderett, der me sjølvsagt tar inn over oss det større bilete i høve fiskerihamn på Bømlo og ei forventa auke i trafikkmengd.

Etter åtte månadar og eit brev frå byråkratar i Vestland fylkeskommune er alt snudd på hovudet. Då bøyer tidlegare ordførar Erve, vara – ordførar Eriksen og eit fleirtal nakken, og ser med tungt hjarte vekk frå vedtaket me gjorde for få månadar sidan. Ein lar seg styre av trugslar om at vegen blir forseinka, at finansieringa forsvinn, og at det i verste fall ikkje blir veg. Er det ansvarleg eller det tryggaste alternativet?

Kvifor tar ein ikkje inn over seg dei momenta som er nemnd over? Kor mykje tid og ressursar vil ein tape med rettsakar om ekspropriasjon og klagesaker, for ikkje å snakke om tap av omdøme der ein skal køyre over den private eigedomsretten og tvinge folk frå gard og grunn?

Synest fleirtalet i kommunestyret det er verdt det, når ein kunne stått på tidlegare vedtak som blei fremja av Vibeke Enerstvedt frå Frp, og hatt eit samla kommunestyre i ryggen og gått rakrygga frå møtet i vissheit om at me sto opp for oss sjølve og dei løysingane me var samde om for ein kort graviditet sidan.

Det blir veg – ein gong.

Me må stole på at det er dei folkevalde som styrer i Vestland Fylkeskommune og ikkje byråkratane. Det er difor eg er viss på at me hadde fått den beste løysinga hadde me berre stått opp for vårt felles alternativ som Enerstvedt og Frp fremja, og som representantar frå INP, MdG, TvF, Ap og Frp stemte for. Då måtte politikarane i Fylket tatt styringa, og sikra både ressursar til plankonsulent og ein plass i RTP innan rimeleg tid. Det hadde kanskje kosta oss ei rullering og eitt år, for at fylket skulle fått vise makta si, men vegen hadde komen, og alternativet hadde vore til å leve med for alle involverte. Det trur me ikkje er eit draumescenario, sjølv om nokon nok vil hevde det.

Det er grunn til å gi honnør til dei større partia Frp og Ap som fristilte representantane sine i denne utfordrande saka. Det viser at partipisken blei gravlagt og at einskildindividet får lov til å stemme etter si eiga overtyding som den folkevalde me er. I denne saka var det heilt rett.

Me vil alle ha veg, og me skal gjere det me kan for at det blir ein veg, men vegen må ikkje kome for ein kvar pris. Me skal kjempe for ein veg som først og fremst kjem Sveio til gode og som gjer det leveleg for dei som bur langs vegen.

Asle G. Halleraker og John Anders Semb
Kommunestyrerepresentantar Tverrpolitisk Fellesliste Sveio