– Hugs at sjølv om mange seier at «alle kan bli kva dei vil i Noreg», så trives dei aller fleste av oss veldig godt som gjennomsnittsmenneske i vanlege jobbar som ikkje er spektakulære og heilt usedvanlige, seier Elisabeth Lie Nilsen.
– Hugs at sjølv om mange seier at «alle kan bli kva dei vil i Noreg», så trives dei aller fleste av oss veldig godt som gjennomsnittsmenneske i vanlege jobbar som ikkje er spektakulære og heilt usedvanlige, seier Elisabeth Lie Nilsen. FOTO: Grethe Nygaard

– Ikkje lytt for mykje til foreldre og vener

Søknadsfristen for vidare utdanning nærmar seg. Kva skal ein velja? Kva bør ein velja? Kven skal ein høyra på? Kva har ein mest lyst til sjølv? Kva utdanning vil gi sikker jobb?

Spørsmåla er mange, og Vestavind har bedt Elisabeth Lie Nilsen om å koma med nokre gode råd. Ho er leiar for NAV Marked Nord-Rogaland og kjenner arbeidsmarknaden svært godt.

– Det er mykje å tenka på når du skal velja retning på utdanninga di. Det vanskelegaste er truleg å velja klokt for deg sjølv når du kanskje føler deg umotivert og er lei av skulegang og bøker, seier Lie Nilsen

Nilsen sitt råd er likevel å bruka tida godt før du begynner å velja. Bruk internett for det det er verd og ta forskjellige interessetestar og liknande. Les om forskjellige yrke. Her kan for eksempel «Jobbkompasset» på Utdanning.no vera fint å bruka. Og les litt om framtidsanalysar med «Hvilke yrker trenger vi i fremtiden».

– Det er viktig å kanskje ikkje lytta for mykje til venner og foreldre når det gjeld sjølve valet. Men bruk dei gjerne til å diskutera med og la dei få utfordra deg med spørsmål om vala dine. På denne måten blir du nødt til å tenka skikkeleg gjennom dine eigne val. I alle fall må du forsikra deg om at dine foreldre og vener har skaffa seg ny og moderne informasjon om yrker og utdanningsmogelegheiter, før du lyttar for mykje til dem.

Her er Lie Nilsen si liste med gode råd:

Sjekk ut kvar det er jobbmogelegheiter

Det er viktig at du vel noko som er i ditt ege interessefelt, men du bør også sjekka ut om det faktisk er jobbmogelegheiter i framtida innan det du vel, der du ønsker å bu. Og om det faktisk gir det inntektsgrunnlaget som du kan tenka deg å leva med.
Samfunnet vårt er i store endringer for tida. Det gjer vala vanskelegare nå enn før. Ein del yrker er på veg ut, andre yrker er i stor endring, og det oppstår no nye yrker som me enno ikkje veit kva er. Flere sier no at me går fra «revisjon til relasjon» – altså at mykje av det som går på tal og berekningar og slikt kan bli digitalisert og erstatta av datamaskiner. Men at oppgåver og jobbar som krev kontakt og relasjon med andre mennesker blir viktigare.

«Grønne jobbar» og kunnskap om berekraft vil det også bli større behov for i dei fleste bransjar. Det å jobba med ting som miljø, resirkulering og «grønn energi» vil bli både spennande og viktig å jobba med i framtida. Og dette behovet vil vera i dei fleste bransjar. Då kan det vera smart å kunna noko om dette i tillegg til det yrket du tenker å utdanna deg til.

Yrker som sjukepleiar og lærar vil også vera gode og sikre valg, og behovet for desse ser ut til å auka sammen med auka befolkning. Det at mange fleire også kjem til å utdanna seg fletre gangar gjennom livet, gjer at utdanningssektoren sannsynlegvis vil bli ein vekstbransje.

Arbeidsmarknaden krev både breidde og djupnkompetanse. Det å kunna svært mykje om noko spesifikt, vil ofte vera ei godt investert utdanning. Men då vil det kanskje vera avgrensa med jobbar innanfor området. Då bør du sjekka kvar desse jobbane er og vurdera om du er villig til å flytta på deg for å skaffe deg ein slik jobb. Dette er det viktig at du sjekkar før du har tatt utdanningen. Ellers kan du lett bli lenge arbeidsledig etterpå.

Skaff deg digital kunnskap – uansett val

Også i framtida kjem mange jobbar til å kreva breiddekompetanse og gjerne samansett kompetanse. Med det meiner eg at det gjerne kan vera smart å ta fleire utdanningar innan fleire retningar. For eksempel kan det vera klokt for veldig mange akademiske yrker å ta IT-fag i tillegg.

Når nesten alle bransjar digitaliserer kontinuerleg, vil behovet for fagkunnskap kombinert med IT-kompetanse bli ettertrakta og nødvendig. Det som er eit fellestrekk for både deo praktiske og dei akademiske yrka no, er at alle kjem til å bli meir digitale. Det betyr at det å ha god digital kunnskap i framtida, er like viktig som det å kunna lesa, skriva, snakka eller å slå spiker har vært til no.

Tenk fleirfagleg

Fagbrev, fagbrev og fagbrev! Det blir større krav til kompetanse både i dei praktiske og dei meir teoretiske yrka. Det betyr at å skaffa seg fagbrev dersom du vel yrkesfag vil vera viktig for å vera attraktiv på arbeidsmarknaden. Krav om at dei fleste skal ha fagbrev ligg ofte inne i kontraktsvilkåra til bedriftane, og gjer det enda vanskelegare for dei som ikkje har tatt fagbrev å koma inn i praktiske yrker.

Det me ser er at folk som har fleire fagbrev – altså er fleirfaglege – er mye sjeldnare ute av arbeidslivet. Dei er gjerne dei siste som blir permitterte eller sagt opp. Desse kan brukast til fleire ting i bedriftane, og derfor er dei både effektive og lønsame arbeidstakere. Så det er noko å tenka på.

Dersom du ikkje er flink med teori og skulefag, kan du ta lærlingeløp som er tilrettelagt for å vera meir praktiske eller heilt praktiske. Dette bør du då få din rådgivar og dine foreldre til å hjelpa deg med å få sett saman i så fall. Det går an å få tatt fagbrev utan for mykje lesing og skule. Og samfunnet trenger mykje praktisk arbeidskraft framover!

Det er også gode moglegheiter no for å vidareutdanna seg etter at du er ferdig med fagbrev om du ønsker det. Me ser for eksempel at ingeniørar som har fagbrev i bunn, er attraktive. Dei har god både praktisk og teoretisk kunnskap om jobbane dei skal gjera. Det same gjel helsefagarbeidar som vidareutdannar seg til sjukepleiar.

Søk skuleplass uansett!

Dersom du tenker at du ønsker deg eit år utan studier, er mi anbefaling at du tenker deg veldig nøye om. Det er vanskeleg med lite utdanning og lite erfaring å skaffa seg jobb. Mange trur det skal vera enklare å skaffa seg jobb enn det er, men det er mange om beinet på dei ufaglærte jobbane. Eg vil anbefala at du søker skuleplass uansett, og at du jobbar hardt med å skaffa deg jobb så snart som mogeleg. Ikkje sei frå deg skuleplass før du har jobb i boks.

Det er mange som får problem med å gå så lenge som eit heilt år utan aktivitet. Det skjer noko med personlegdomen og sjølvkjensla vår når me går lenge uten aktivitet i vårt samfunn. I tillegg kostar «pause-år» utan jobb deg veldig mykje penger. Då taper du jo eit heilt år med inntekt i andre enden av utdanninga, og det kan fort vera mellom 300-500.000 i tapt arbeidsinntekt. Mange gløymer å ta det med i vurderinga sin.

Ta initiativ, vis engasjement

Det er også smart å tenke på å «bygga CV» når du er ung. Altså at du vel å delta på aktivitetar, skaffar deg ein deltidsjobb, bidrar i frivillig arbeid, ha hobbyer osv, som bygger opp om det yrkesvalet du tar. Da vil du lettare skilja deg ut frå mengde etter utdanninga. Det at du viser at du har godt initiativ og engasjement, er kanskje ein av dei viktigsate personlege eigenskapene for å skaffa deg jobb. Eg har aldri høyrt nokon arbeidsgivar ønska seg medarbeidarar som ikkje har det. Med godt initiativ og engasjement kan du læra det meste som trengs i ein eventuelt ny jobb.

Unngå å avbryta!

Prøv å unngå og droppa ut midt i noko. Spør heller om hjelp til å få gjennomføra på eit så tidleg som mogeleg tidspunkt. Det er hjelp å få om du treng tilrettelegging og hjelp både på skule og som lærling. Sjekk ut dette før du vel å avslutta noko for tidleg. Samansett kompetanse frå fleire retningar kan vera kjempebra på arbeidsmarknaden, men då må du fullføra for at det skal vera nyttig for deg.

Helt til slutt

Tenk godt gjennom kor mykje innsats du tror du er villig til å gi for å få til noko. Hugs at sjølv om mange seier at «alle kan bli kva dei vil i Noreg», så trives dei aller fleste av oss veldig godt som gjennomsnittsmenneske i vanlege jobbar som ikkje er spektakulære og heilt usedvanlige. Men me likar å bidra med vår del i det store maskineriet som eit samfunn er

Godt val!