Ordførar André Mundal Haukås (t.v.) gratulerer nyvald leiar Lars Petter Lie.
Ordførar André Mundal Haukås (t.v.) gratulerer nyvald leiar Lars Petter Lie. FOTO: PrivatBilde 1 av 4
Ein god gjeng samla til årsmøte. Heilt fremst Vegard Enerstvedt og John Kristian Økland.
Ein god gjeng samla til årsmøte. Heilt fremst Vegard Enerstvedt og John Kristian Økland. FOTO: PrivatBilde 2 av 4
Haugseundordførar Nils Konrad Bua.
Haugseundordførar Nils Konrad Bua. FOTO: PrivatBilde 3 av 4
Vegard Enerstvedt, lokallagsleiar Bømlo Høgre, og 1. vara til samferdsleutvalet i fylket.
Vegard Enerstvedt, lokallagsleiar Bømlo Høgre, og 1. vara til samferdsleutvalet i fylket. FOTO: PrivatBilde 4 av 4

Årsmøte:

Lars Petter Lie vald som ny leiar i Sveio Høgre

Tysdag 30. januar var det duka for årsmøte i Sveio Høgre. Ein god gjeng møtte opp i kommunestyresalen der ein både skulle oppsummere fjordåret, og ikkje minst sjå framover.

Ordførar i Haugesund, Nils Konrad Bua heldt eit godt innlegg for forsamlinga der han snakka om si politiske reise.

På storskjemen i salen kunne ein sjå utklipp frå Vestavind datert 17. juni 1999, der ei historisk hending i kommunestyret prega førestesida, ungdomsrådet møtte for første gong i kommunen sitt øvste organ, og Bua fekk sin debut på talarstolen.

Samarbeid og valkamp

Nils Konrad fortalde vidare om korleis ein best skal leggja til rette for eit godt samarbeid i vår felles region. Vegard Enerstvedt, lokallagsleiar Bømlo Høgre, og 1. vara til samferdsleutvalet i fylket, fortalde godt om kva som rører seg på fylkesplan.

Året som var gått vart oppsummer frå styret og kommunestyregruppa, hovudaktiviteten dette året var valkamp. Over 1.000 dører vart besøkt, ein hadde stor aktivitet i heile kommunen, og oppsummert gav det gode resultat for partiet som kom ut som største parti i kommunen, og hadde ei vekst på 3,9 prosent.

Det nye styret

Med akklamasjon vart Lars Petter Lie (22), vald som leiar. Han skal utgjere styret saman med Janne Elise Fludal, Carl Enoksen, Lars Oddvin Hovda og Svein Olaf Bua.

Til vara vart Geir Terje Hamre og Torbjørn Føyen vald. I styret sit også gruppeleiar John Kristian Økland og ordførar André Mundal Haukås.

Sveio Høgre