Sveio hagelag samarbeider med biblioteket, og opninga av frøbiblioteket i fjor blei ein suksess. Mange fekk med seg frø heim, og 12. februar er det igjen klart for ny frøkveld.
Sveio hagelag samarbeider med biblioteket, og opninga av frøbiblioteket i fjor blei ein suksess. Mange fekk med seg frø heim, og 12. februar er det igjen klart for ny frøkveld. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

Hagelaget er klare for nytt hageår

Godt nyttår til alle!

Her kjem det litt informasjon om oss og kva me held på med, og kva me har tenkt å føreta oss gjennom året 2024.

I fjor etablerte me eit samarbeid med biblioteket i Sveio, og det var veldig kjekt. I praksis betyr det at me samarbeider med dei om ulike arrangement, og me fordeler møtene våre mellom både Sveio og Førde. I tillegg kan det bli arrangement andre stader i kommunen, alt etter tema.

Det første arrangementet me samarbeidde om i fjor, var opning av frøbibliotek. Dette var veldig populært og me håper det blir eit fast innslag i åra som kjem. Ideen er at folk leverer inn frø om hausten, og henter ut nye frø til våren. Dette gir oss eit høve til å få tak i fleire frø, og kanskje sorter som er nye for oss. Årets frøkveld hadde me 12. februar.

Me har gjennom mange år drive med kurs i poding av frukttre, og dette viser seg å vera svært populært.  Me har gode instruktørar som har med seg alt ein treng til å kunne pode sine eigne tre, så her er det berre å møte opp. Det er viktig at alle får høve til å lære det dei spør om, og det er derfor eit begrensa antall, og ein må melde seg på på førehand.

Me plar kvart år å ha ei hagevandring og sjå på hagar rundt oss.  Me har i år tenkt å dra til eit planteutsal der me vil få eit lite foredrag, samt omvisning og høve til å handle.

Det er mange hageentusiastar i Sveio og omegn, og me har fått ein av dei til å kome til Sveio Hagelag og fortelje om arbeidet sitt og kva som er viktig. Det er alltid spanande å høyre på personar som brenn for dette arbeidet, og som får det til, og me håper mange vil nytte høve til å få med seg dette.

Til vanleg har me årsmøte i oktober, og etter den tid er det stillstand til ut på nyåret. I år tenkte me å lage til ein førjulsaktivitet, og sjå om dette kan vera kjekt i førjulstida.

Dette er tilboda hagelaget har i år, og me håper det er interessant for fleire. Det kjem annonse i Vestavind når det nærmer seg med ytterlegare opplysningar, og så håpar me at fleire tar turen til våre arrangement.

På vegne av Sveio hagelag,
Wenche Strømøy